Einingsleiar
Me søkjer:
Einingsleiar ved Bjoa barnehage og skule, 100% fast stilling frå 01.06.2019 (eventuelt 01.08.19 dersom aktuelt).
Hovudarbeidsoppgåver
Som einingsleiar vil du vera ein del av både styrar- og rektorgruppa, som består av engasjerte einingsleiarar frå alle barnehagane og skulane i Vindafjord.
Einingsleiar er ansvarleg for den daglege drifta, tilpassing og utvikling av skulen og barnehagen. Einingsleiar har til saman 100% administrasjonstid, i tillegg til merkantil i ca 20% stilling.
Me ser no etter deg som er initiativrik og løysingsorientert, med evne til nytenking. Du må vera utviklings- og resultatorientert i arbeid med den pedagogiske verksemda og det pedagogiske personalet.
Kvalifikasjoner
- Godkjent barnehage- eller lærarutdanning. Dokumentert pedagogisk kompetanse.
- Leiarutdanning (rektorskulen/styrarskulen eller anna relevant leiarutdanning) er ønskjeleg
- Relevant leiarerfaring er ønskjeleg
- Strategisk innsikt og visjonar for oppvekstsenteret si pedagogiske utvikling
- Leia og følgja opp utviklingsarbeid og vedtekne planar
- Gode samarbeidsevner, målretta og handlekraftig.
- Evne til å motivera og inspirera medarbeidarane
- Innsikt i og evne til god økonomistyring..
Andre opplysninger
Bjoa barnehage og skule er ein 1.-7 - skule med omlag 39 elevar, med tilbod om SFO. I barnehagen er det og omlag 12 plasser inneverande år.
Bjoa barnehage og skule har eit team med engasjerte og svært kompetente medarbeidarar. Me har fokus på den einskilde elev, på trivsel og læring. Bjoa ligg i nordre del av kommunen og barnehagen/skulen har eit stort tilhøyrande uteområde og er elles omgitt av flott natur, med nærleik til skog, mark og sjø som vert aktivt brukt i undervisninga i skulen og aktivitetar i barnehagen.
Ved arbeid i barnehage, skule, SFO og einingane helse og omsorg, barnevern- og tilrettelagde tenester skal det og leggast fram godkjend politiattest.
Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn 3 mnd. Ta kontakt med helsesøster viss du er i tvil.
I tillegg skal personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA
Personlege egenskaper
Gode personlege eigenskapar.
Me kan tilby
- Variert arbeid i positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Seniorordning
- Tilsetjing på vanlege vilkår
- Fra løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
- Vindafjord kommune er IA-bedrift
- Kommunalt kor, KORe' Vindafjord www.korevindafjord.no
Lønsvilkår
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Søknad sendes
Vindafjord kommune ber alle våre søkjarar å søkje på stillinga elektronisk. Du kan laste opp attestar og vitnemål som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk eller i rett format må dei takast med til intervju. Du kan komme med på offentleg søkjerliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering av søkjerliste.
Om bedriften
Bjoa skule og barnehage; er ein fådelt skule med nærare 50 elevar på 1.-7.trinn, barnehagen har to avdelingar med plass til 30 barn. Me ligg flott til med skog, sjø og fjell i nærområdet, og der er gode mogelegheiter til å bruka nærmiljøet til utelæring, tur og aktivitetar. Vurdering for læring er satsingsområde. Elles kan me tilby eit variert arbeid i eit positivt miljø. Bjoa skule og barnehage er organisert som ei eining. Rektor Gunnar Norenes tlf: 53 65 57 20