Jordmor i følgjeteneste
Har du lyst på ein spennande, variert og fagleg utfordrande jobb ytterst i havgapet? Velkomen til oss som jordmor på Nordmøre!
Vi har no to ledige vikariat for jordmor frå snarast. Ved interne omrokkeringar, kan anna stillingsbrøk bli ledig. Stillingane består av arbeid i beredskap for følgjeteneste, og inneber døgnvakter i beredskap og arbeid kvar 3. helg.
- Stilling 1: 35 % vikariat (sluttdato 31.08.23)
- Stilling 2: 30 % vikariat (sluttdato 31.12.23)
Beredskap for følgjeteneste på ytre Nordmøre dekkjer distrikta Halsa, Aure og Smøla. Det er årleg omlag 60 gravide i distriktet. Det er mogleg å kombinere stillinga med anna jobb i helseforetaket eller i kommunal sektor. Sjekk våre ledige stillingar på www.helse-mr.no og jordmorstilling på Aure kommune si heimeside.
Visste du dette om Nordmøre?
På Nordmøre er du omgitt av flott natur med mange turmål til fjells og langs kysten. Her kan du òg utforske den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Høyrest dette fristande ut? Ta kontakt – og velkomen som søkjar! For meir informasjon om Nordmøre viser vi til nettsida: Visit Nordvest
Arbeidsoppgåver
- Vurdering av fødselsstart, og andre fødselsrelaterte situasjonar i vaktdistriktet
- Følgje kvinner i aktiv fødsel med >90 min reiseveg til næraste fødeavdeling
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som jordmor
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- Førerkort klasse B - søkjar må kunne disponere eigen bil i vakt i beredskap
- Lokalkjennskap i distriktet er ein fordel, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
- Du er motivert for fagleg utvikling
- Du arbeider sjølvstendig, og har evne til å samarbeide i tverrfagleg team
- Du er fleksibel og tilpasningsdyktig
- Du er inkluderande og løysingsorientert
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit inkluderende og godt arbeidsmiljø
- Kompetanseheving gjennom hospitering
- Løn etter gjeldande overenskomst i helseforetaket
- Medlemskap i offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver som gir mogelegheit for å bruke bredda i jordmorkompetansen
- Vaktbolig i distriktet
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Kontaktinformasjon
Johanne Gryt, Seksjonsleiar, Johanne.Gryt@helse-mr.noArbeidssted
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.:4580525555
Stillingsprosent: 30, 35%
Vikariat
Startdato: 01.12.2022
Sluttdato: 31.08.2023
Søknadsfrist: 31.12.2022
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal