Sjøtrafikksentralsjef
Org. nr: 99999 Stillingsident: 4077650125 Presentasjon av stillingen:
Sjøtrafikksentraltenesta ¿ Vessel Traffic Service (VTS) ¿ er ein internasjonal teneste i Noreg som er drifta av Kystverket for å betre sjøsikkerheit og vern av miljøet i kystsona. Kystverket sine fem sjøtrafikksentralar overvaker og regulerer døgnkontinuerlig skipstrafikken i definerte tenesteområder langs norskekysten.I Kystverket Vest er det to sjøtrafikksentralar, lokalisert på Kvitsøy og Fedje. Fedje sjøtrafikksentral vart etablert i 1992 og har som ansvar å overvake og regulere skipstrafikken i farvatnet frå Korsfjorden og inn til Sognesjøen. Sjøtrafikksentralen har 14 trafikkleiarar med to på vakt til ei kvar tid.
Arbeidsoppgåver
- Leie arbeidet ved trafikksentralen og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Ansvar for turnusplanlegging/vaktlister
- Ansvar for trafikksentralen sin del av byggningen
- Myndigheitsutøving og budsjettansvar
- Delta i relevante prosjekt
- Representere Kystverket i relevante fora og inngå i statens aksjonsorganisasjon
- Delta i regiondirektøren sin leiargruppe og vere ansvarlig for gjennomføring av tiltak bestemt i denne
- Lista er ikkje uttømmande
Kvalifikasjonar
- Maritime-offshorefag Nautikk
- Norsk og engelsk munnleg og skriftleg
- Leiarerfaring innen offentleg forvaltning er ein fordel
- Det er eit krav om nautisk utdanning til å kunne løyse dekksoffisersertifikat klasse 1, men må ha løyst dekksoffisersertifikat klasse 2
- Nautisk utdanning på høgskulenivå vil være ein fordel
- Bestå arbeidspsykologisk test og engelsk språktest
- Må gjennomføre og bestå autorisasjonsprøve og nasjonalt tenestebeviskurs som trafikkleiar ved ansettelse
- Gyldig legeattest for sjøfolk. Legeattesten må være gyldig i 18 måneder
- Gode datakunnskaper
- Det er eit krav om sikkerheitsklarering
Personlege eigenskapar
- Leiarerfaring og erfaring frå turnusplanlegging vil være ein fordel
- Sjølvstendig og strukturert
- Gode evner til koordinering og gjennomføring av prosessar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Løysningsorientert innanfor rammevilkåra
- Fremtidsretta, engasjert og påliteleg
Vi tilbyr
-
Ei utfordrande stilling med utviklingsmogligheiter i eit maritimt miljø
-
God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
-
Fleksibel arbeidstid
-
Løn etter kvalifikasjonar: 1407 Avdelingsleiar kr. 646 700 ¿ kr.695 500 i staten sitt lønnsregulativ
-
Andre opplysningar
Kystverket skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppfordrer alle som er kvalifiserte til å søkje jobb hos oss. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.
Noko reising må påreknast, fortrinnsvis i region Vest
Arbeidstad for stillinga: for tida Fedje sjøtrafikksentral og eventuell anna lokasjon etter avtaleKontaktinformasjon
John Erik Hagen, Regiondirektør, 90947630
Arbeidsstad
Vidnappsvegen 49
5947 FedjeSøk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Kystverket
Referansenummer:4077650125
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 20.06.2019
Om bedriften
Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ei bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Samferdselsdepartementet.