Lærar ved Selje skule
Org. nr: - Stillingsident: 4240616279 Presentasjon av stillingen:
Stad kommune har ledig 100 % vikariat som lærar ved Selje skule frå 01.08.2020 til 31.07.2021. Stillinga kan bli gjort om til fast stilling.
Selje skule ligg i sentrum av Selje. Skulen vil skuleåret 2020-2021 ha ca.140 elevar. Vi er opptekne av at alle elevane ved skulen skal trivast og tilhøyre fellesskapet. Dei tilsette er positive til utvikling og arbeider tett saman i team.
Vi søkjer lærar med kompetanse og erfaring til å undervise i 8.-10.klasse, 5.-7.kl er også aktuelt. Deltidsstilling kan vere aktuelt visst ein ikkje får tilsett i 100%.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning
- Leie klasser og grupper
- Samarbeid med foreldre og føresette
- Tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar
- Utdanning som grunnskulelærar 5-10 eller anna relevant høgskuleutdanning.
- Søkjer lærar med kompetanse og erfaring til å undervise i 8.-10.klasse, 5.-7.kl er også aktuelt. Aktuell kompetanse innan: norsk, engelsk, kunst og handverk, koding/programmering, valfag/fordjupingsfag m.m.
- Den som vert tilsett må leggje fram politiattest av nyare dato.
Personlege eigenskapar
- Kan leie klasser og grupper på ein god og inkluderande måte
- Gode samarbeidsevner og vilje til å arbeide i team
- Er sjølvstendig og systematisk
- Har god vurderingsevne og god rolleforståing
- Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Er utviklingsorientert
- Gode kunnskapar innan IKT
Vi tilbyr
- Godt lærings- og arbeidsmiljø
- Løn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi ber om at søkjarane lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden, samt oppgir undervisningsrelevant referanse av ny dato.
Stad kommune har seks månader prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
For meir informasjon om stillinga kan du ta direkte kontakt med rektor.
Kontaktinformasjon
Atle Solheim, rektor Selje skule, 97 77 17 53
Arbeidsstad
Selje skule
6740 Selje
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Stad kommune
Referansenr.:4240616279
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 04.06.2020
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 500 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad og Bryggja vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit spanande næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!