SOMMARJOBB FOR UNGDOM 2019
Kort om stillinga
Ungdomar som er registert busett i Surnadal kommune kan søkje på ordninga "Sommarjobb for ungdom".
Hovudmålet er å gje ungdomane innsikt i Surnadal kommune som arbeidsplass og er å sjå på som ein introduksjon til arbeidslivet.
Den som får tilbod gjennom ordninga får arbeid i 2 veker kvar og må kunne arbeide desse 2 vekene samanhangande.
I år der det ungdomar født i 2002 og 2003 som er i målgruppa for å søkje på arbeid gjennom ordning og det er det eldste årskullet som blir prioritert for tilbod.
Arbeidsoppgåver
Aktuelle arbeidsoppdrag kan vere:
reinhald, rydding, vedlikehald av grøntanlegg, malig/beising, arbeid i barnehagar, lett vedlikehaldsarbeid, miljøtiltak ved omsorgsbolig og ved sjukeheimen, kjøkkenarbeid, miljøtiltak i bu- og aktivitetstenesta, evt. arbeid for frivillige organisasjonar.
Det er viktig at du skriv i søknaden din kva arbeidsoppgåver du helst kan tenke deg, men vi kan ikkje garantere at du får ønsket ditt oppfylt.
Dersom det er veker i sommar du ikkje kan arbeide må du hugse å skrive det i søknaden.
Tilsettingsvilkår
Tilsetjings-, lønn- og arbeidsvilkår i samsvar med lover, forskrifter og avtaleverk.
Søknad sendast
Surnadal kommune bruker eit elektronisk rekrutteringssystem som er knytt opp mot personalsystemet, og vil kun vurdere elektroniske søknader. Søknadane vert vurdert ut frå dei opplysningane som vert gjeve i den elektroniske søknaden når det gjeld skole og praksisbakgrunn m.m.
Om du har spørsmål som gjeld !Sommarjobb for ungdom 2019", ta kontakt med Personal og stab på telefon 71655810.
Om bedriften
Surnadal kommune ligg på Nordmøre ved foten av Trollheimen og har ca 6000 innbyggjarar. Vi har eit variert næringsliv og barnehage- og skuletilbodet er godt utbygd. Kommunen har eit svært allsidig kultur- og organisasjonsliv. Naturen er flott og variert, med lett tilgang til skog og mark, fjell, fjordar og elver.Surnadal kommune er ein stor arbeidsplass med eit mangfald av oppgåver og tenester som blir utført av dyktige medarbeidarar. Vi tilbyr varierte og spanande arbeidsoppgåver,trivelege kollegaer og gode pensjonsordningar. Vi har omlag 670 medarbeidarar fordelt på omlag 540 årsverk. Desse er fordelt på mange ulike arbeidsstader, og med forskjellige yrke og kompetanse. Saman har vi eit felles ansvar for å arbeide til beste for innbyggarane våre. Vi ønskjer tilsette som kan vere gode bidragsytarar i utviklinga av dei kommunale tenestene. Det er difor viktig at du er fleksibel, tek ansvar, viser initiativ og kan bidra til utvikling av eit godt arbeidsmiljø.