Nattevaktstilling 85,21% vikariat og ringevikarar i BPA-ordning for ungdom- Eining Barn og familie
Omtale av stillinga
Kommunen har ledig eit vikariat i 6 månadar som brukarstyrt personleg assistent for ein 16 år gamal ungdom. Vikariatet kan bli forlengja. Ungdommen brukar elektrisk rullestol og treng hjelp til grunnleggjande gjeremål som bistand til stell, pleie, måltider, fritidsaktivitetar, trening og andre praktiske og kvardagslege gjeremål.
Ungdommen bur heime med foreldre og søsken. Arbeidsplass vert både heime hjå familien og på skulen, samt relevante stader der ein ungdom måtte ferdast. Stillinga på 85,21% inneber nattevakt i to av fire helgar i turnusperioden. Å vera med på helgeturar og ferieturar kan vera ein del av arbeidsoppgåvene. Opplæring vil bli gitt.
Eininga har og behov for ringevikarar i BPA-ordninga.
Oppstart: snarleg tilsetjing.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter assistentar med relevant fagbrev og erfaring frå arbeid på skule. Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Søkjar må ha førarkort, klasse B.
Vi søkjer
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på at søkjaren;
- Kan gjennomføre treningsopplegg frå og/eller med fysioterapeut
- Viser omsorg
- Er påliteleg
- Er fleksibel
- Viser engasjement
- Snakkar og skriv flytande norsk
- Er løysningsorientert
- Har god helse
- Er aktiv og inkluderande
- Tar initiativ og løyser utfordringar på strak arm
- Er ryddig og strukturert
- Kan vera armar og bein for ungdommen
- Har god samarbeidsevne, god kommunikasjon og er ein relasjonsbyggjar
- Har evne til å arbeide sjølvstendig saman med ungdommen, målretta og strukturert
Det er ein fordel om du har;
- Relevant praksiserfaring
- Har erfaring med arbeid med barn/ungdom og deira familiar
- Arbeidserfaring frå helsevesen
- Arbeidserfaring frå skulesystemet
- Evne til fleksibilitet og endringsvilje
- God kommunikasjon og kjemi med ungdommen
- Er ungdommeleg
Vi tilbyr
Tiilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.Eining Barn og familie - er ei av 23 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt inn i fire avdelingar: barnevern, helsestasjon, PPT og avdeling tiltak og ressursar. Eininga held til i lokalar i Husnes tenestesenter på Husnes.