Fagarbeidar på natt 56,34% - Fast stilling på Bergtun
Org. nr: 961382157 Stillingsident: 4471838174 Presentasjon av stillingen:
Bergtun har ledig 56,34% fast fagarbeiderstilling på natt med moglegheit for utviding frå medio mai 2022, til 65,73%.
Med arbeid 3. kvar helg. Stillinga er ledig omgåande. Bergtun består av 8 heildøgnsbemanna omsorgsbustadar for personar med kognitiv svikt og alderspsykiatri.
Arbeidsoppgåver
- Faste og akutte oppdrag på natt i Bergtun omsorgsbustadar
- Pleie, veiledning og oppfuljing av pasientar med kognitiv svikt og alderspsykiatriske diagnoser
- Medikamentadministrasjon
- Kartelgging og oppfuljing
- Miljøbehandling
- Journalføring
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som fagarbeider
- Gyldig politiattest må leverast
- Gode norskkunnskapar - munnleg og skriftleg
- Ynskjeleg med erfaring i arbeid med mennesker med kognitiv svikt og alderspsykiatri
- God vurderingskompetanse i forhold til eit klinisk blikk
- Gode datakunnskapar
Personlege eigenskapar
- Kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner innad i avdelinga, og på tvers av faggrupper
- Fleksibel og løysingsorientert
- Evne til å skape framdrift åleine, men og i lag med andre
- Vera ein god lyttar og vera god på å kommunisere
- Må ha stor arbeidskapasitet
- Personleg eignaheit vert vektlagt
Vi tilbyr
- eit godt og triveleg arbeidsmiljø.
- gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseutnytting
- god pensjonsordning
- løn etter tariff og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
Kontaktinformasjon
Hanne Kårstad, Avdelingsleiar, 97592703, hanne.karstad@vestre-slidre.kommune.no
Arbeidsstad
Slidrevegen 16
2966 SLIDRE
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestre Slidre kommune
Referansenr.:4471838174
Stillingsprosent: 56,34%
Fast
Søknadsfrist: 30.01.2022
Om bedriften
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 464 km2 stor og har omlag 2 200 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.