Barne- og ungdomsarbeidar ved Årdal Barnehage
Stillingsannonsen er inaktiv.Hjelmeland kommune Årdal barnehage
Melevegen 123, 4137 Årdal i Ryfylke
Org.nr.:875299042 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Me har ledig 100 % vikariat som barne -og ungdomsarbeidar. Stillinga er ledig frå dags dato til 31.07.22.
I Hjelmeland kommune er det 4 kommunale barnehagar (Hjelmelandsbarnehagen). Alle tilsette i barnehagane våre har fokus på vår felles visjon "Det beste for barnet". Me ynskjer å gje barna gode og trygge opplevingar, ut i frå deira eigne føresetnadar og eiga utvikling.
Barnehagane sine felles verdiar er "Respekt, Omsorg og Tryggleik".
Årdal barnehage har til hausten 39 barn fordelt på tre avdelingar og ligg rett ved skuleområdet i Årdal, kort veg til turterreng med skog, fjell og vatn. Barnehagen er mykje ute og har tilgang til gapahuk og moglegheit for naturgrupper. Me søkjer ein engasjert barne- og ungdomsarbeider med mykje energi og glede. Ein som kan skape smil, latter og spre mykje varme, og som sjølvsagt har ein bevisst faglig ballast i bunn.
Stillinga er fordelt på alle dei tre avdelingane i barnehagen.
Ansvar og arbeidsoppgåver
- medansvar for å leggje til rette for barna sin leik, læring og utvikling
- delta aktivt i det daglege arbeidet med barna i barnehagen sitt inne- og utemiljø
- vere ein god rollemodell
- medansvar for planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon
- delta aktivt i systematisk og løpande rettleiing i arbeidet
- bidra til gode rutinar for det einskilde barnet sin trivnad og utvikling
- medansvar for å skape eit nært samarbeid mellom heim og barnehage
- medansvar for å ivareta foreldre og barn si medverknad
- bruke og vidareutvikle eigen fagkompetanse
- bidra til eit godt samarbeid og til eit godt psykososialt arbeidsmiljø i barnehagen
Kvalifikasjonar og vilkår
- fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Personar utan ynskja fagutdanning kan også søkje
- erfaring frå arbeid i barnehage er ynskjeleg
- gode norskspråklege kunnskapar både skriftleg og munnleg. Minimum B2.
Me søkjer etter ein person som
- har evne til å skape gode relasjonar til barn, foreldre og kollegaer
- har eit medmenneskelig og pedagogisk engasjement, der barna er i fokus
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- bidreg til å skape eit inkluderande miljø for omsorg, leik, læring og danning
- er utviklingsorientert og villig til å ta initiativ
- er løysingsorientert og fleksibel
- kan setje seg inn i nye arbeidsoppgåver og tileigne seg ny kunnskap
Me tilbyr
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette.
Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsnedsetting, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søker på ei ledig stilling her .
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål, me ønskjer likevel at du tek dei med til eit eventuelt intervju.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Siri Vestersjø, Mobil 404 39 210, Epost: postmottak@hjelmeland.kommune.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Hjelmeland kommune Årdal barnehage
Adresse
Melevegen 123, 4137 Årdal i Ryfylke
Hjelmeland kommune ligg i "i hjarta av Ryfylke", og er med sine 1092 km2 den nest største
kommunen i Rogaland. Det er kort veg til Stavanger og resten av regionen. Me er ca 2600
innbyggjarar, og kommunesenteret ligg på Hjelmeland.
Kommunen sin visjon; «Hjelmeland naturlegvis» gjev uttrykk for eit ønskje om eit positivt samspel
mellom kommunen sine tilsette, innbyggjarane og naturen rundt oss.
Hovudmål: Jobb og attraktivitet. Å leggja til rette for vekst i folketalet gjennom satsing på
arbeidsplassar og attraktive lokalsamfunn.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 8. august 2021
Hentet fra: stepstone
Referanse: vac2751035dep205427_Hjelmeland kommune Årdal barnehage_stepstone
Stillingsnummer: eac85583-5c51-406a-9307-fb1ba068e9d5