Helgestilling 26,35% - Tenester for utviklingshemma, Idrettsvegen bufellesskap
Stillingsannonsen er inaktiv.Os kommune
Idrettsvegen bufellesskap
Ved Tenester for utviklingshemma, for tida avdeling Idrettsvegen Bufellesskap, er det frå snarast ledig 26,35% fast helgestilling
Arbeidsstad
Teneste for vaksne utviklingshemma i Os kommune består av 6 bufellesskap og eit dagsenter.
Idrettsvegen Bufellesskap er eit bufellesskap for 10 personar med ulike bistandsbehov.
Arbeidsoppgåver
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane.
I funksjonen inngår førebygging, habilitering og rehabilitering. Arbeidet består i å yte brukarane den bistanden dei treng
for å gjennomføre daglege gjeremål, ta del i sosiale aktivitetar og gjere brukarane meir sjølvhjelpne.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Stillinga er i turnus med arbeid 2.kvar helg.
Kvalifikasjonar
Til helgestillingar ønskjer vi å rekruttera både deg med relevant høgskuleutdanning eller fagbrev, og deg som er ufaglært, men som har relevant erfaring og interesse for å jobba med menneske
Du som er student innan helse, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning vært særleg oppmoda til å søkje.
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mulig kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.
Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.
Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med Personalavdelinga.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Os kommune
Adresse
Idrettsvegen, 5200 Os
Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen kan by på dei vakraste natur- og kulturopplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 13. mars 2019
Hentet fra: Os kommune
Referanse: jobb.oskommune.no/recruitment/opening?0?2716/JAV
Stillingsnummer: ea934dc6-6f13-4b9f-9e76-4ccc833eb12a