Stabsleiar forvaltning og utvikling
Me søker motivert medarbeidar til ny sentral leiarstilling.
Ansvar og arbeidsoppgåver
- Overordna leiing, personal- og budsjettansvar for om lag 20 tilsette i avdelingane næring, landbruk og naturforvaltning, plan, kultur og eigedom.
- Koordinering og prioritering av drift og utvikling innan dei aktuelle avdelingane og teknisk drift. Ein vesentleg del av stillinga vil vere fagrelaterte oppgåver innan områda næring, kultur, samfunnsutvikling og leiing av prosjektarbeid.
- Sikre god fagleg kvalitet og gode tenester innan denne sentrale stabsfunksjonen.
- Arbeidsoppgåver vil bli drøfta i lys av organisasjonsutvikling, kompetanse og bemanning i avdelingane.
- Stillinga vil inngå i rådmannen si overordna leiargruppe.
Kvalifikasjonar
- Det er ynskjeleg med relevant utdanning fra universitet/høgskule og relevant praksis, fortrinnsvis frå kommunal sektor
- Leiarerfaring og gode leiareigenskapar
- Erfaring frå prosjektleiing, samt evne og vilje til systematisk utviklingsarbeid
- Resultatorientert
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Kommunen kan tilby
- Utfordrande leiaroppgåver og spanande fagoppgåver
- Godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- Varierte oppgåver med gode utviklingsmoglegheiter -
- Gode arbeidsvilkår med kommunale pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
Om bedriften
Luster kommune ligg inst i Sognefjorden, har om lag 5.200 innbyggjarar og er ein av dei største kommunane i Sør-Noreg. Me har tre nasjonalparkar, verdsarven Urnes stavkyrkje, vakker natur og svært gode vilkår for friluftsliv. Næringslivet er variert - frå tradisjonelt landbruk til moderne industriverksemder og stadig meir varierte servicebedrifter. Luster har godt utbygde desentraliserte tilbod og mange levande bygder. Kommunesenteret Gaupne ligg 25 minutt frå region- og utdanningssenteret Sogndal. Kommunen er organisert etter ein tilpassa 2-nivå-modell og har gode tenester, styrings- og kvalitetssystem.