Psykologspesialist/Psykolog
Org. nr: - Stillingsident: 4311361384 Presentasjon av stillingen:
Avdeling for rusmedisin (AFR) har ca 570 medarbeidarar. Avdelinga har 2 poliklinikkar, ein ambulant seksjon og fleire døgnseksjonar for både akutt- og planlagd behandling. Avdelinga er i ein spennande utvikling knytta til aukande differensiering av tenester for avhengigheitslidingar, fagleg integrasjon med Psykisk helsevern m.a ved geografisk deling av poliklinikktenestene. Dette vil bidra til utvikling av tettare samhandling med DPSer og kommunale tenester. Avdelinga har eigen forskingseksjon med mange spennande prosjekt.
Då ein av våre psykologar har fått hjemmel, blir det i AFR poliklinikk i Murhjørnet ledig ein fast psykologstilling frå 1. februar 2021.
Poliklinikken held til i moderne lokale i Bergen Sentrum (Murhjørnet). I poliklinikken er det tilsett 21 psykologar, av desse pt 12 spesialistar i klinisk psykologi, her i rus, vaksenpsykologi, familieterapi, barn og unge og samfunns- og nevropsykologi. Den tverrfaglege bemanninga består elles av psykiatarar, rusmedisinarar, kliniske sosionomar, spesialsjukepleiar, vernepleiar, musikkterapeut og erfaringskonsulent. Fleire av dei tilsette er i ulike vidareutdanningar. Til saman er det ca 45 årsverk knytta til poliklinikken.
Poliklinikken er organisert i tverrfaglege team, og det er godt lagt til rette for samarbeid og drøftingar i dei enkelte pasientforløp. Det er regelmessig internundervising, faste fag- og forskingsdagar og avdelinga legg og til rette for både individuell vidareutdanning og felles kompetanseheving.
Poliklinikken tilbyr kartlegging og behandling av avhengigheitstilstandar, dette er ofte i kombinasjon med psykiske lidingar (ROP tilstandar). Vi tilbyr behandling både individuelt og i gruppe. Vi gjev og tilbod om musikkterapi, nettverks- og pårørandeoppfølging. Poliklinikken gjev tilbod til pasientar frå 15 år og oppover. Polilkinikken har fast samarbeid med "jobb først" (ips) konsulentar, desse held til i poliklinikken.
Poliklinikken har og eit vurderingsteam, som har ansvar for å vurdere alle tilvisingar til TSB i Helse Bergen sitt opptaksområde.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av rusavhengige, dette ofte i kombinasjon med psykisk helsetilstandar. Samhandling og rettleiing av samarbeidspartnarar internt og eksternt mot kommunale tenester
- Poliklinikken er opptatt av å utvikle differensierte tenester, mellom anna har vi fleire tilbod om gruppetilbod (m.a grupper i traumestabiliserande og tilbakefalls-førebyggingar) og familie/nettverksorienterte metodar. Deltaking i internt utviklingsarbeid og rettleiing er forventa
Kvalifikasjonar
- Erfaring med arbeid innan rusbehandling og psykisk helsevern vil vere ein føremon, men ingen føresetnad
- Interesse for familie og nettverksarbeid er ynskjeleg.
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Særs gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
Utdanningsnivå
- Vidareutdanning / Tilleggsutdanning utover oppnådd grad
- Profesjonsstudium
Personlege eigenskapar
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Kontaktinformasjon
Svanhild Mellingen, Seksjonsleiar, 99264156, svanhild.mellingen@helse-bergen.no
Anja Therse Bakke, Assisterande seksjonsleiar/ Psykologspes., 48293007, anja.therese.bakke@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Østre Muralmenningen 7
5012 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4311361384
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.02.2021
Søknadsfrist: 06.12.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.