Rektor Julsundet skole
Stillingsannonsen er inaktiv.AUKRA KOMMUNE
Julsundet skole
Da rektor går av med pensjon, vert det ledig 100 % stilling som rektor/einingsleiar ved Julsundet skole frå hausten 2019.
Om eininga/avdelinga
Julsundet skole opna nytt bygg i 2018 og delar av skolen er nyleg renovert.
Skolen er ein 1-10 skole med ca 240 elevar og ca 40 tilsette. Den er i sterk vekst og gir og opplæringstilbod til ungdomsskoleelevar frå Aureosen/Jendem. Det er eit ungt arbeidsmiljø ved skolen. Skolen ligg på fastlandet 15 min frå Molde sentrum
Arbeidsoppgåver
Rektor er ein del av rådmannen si leiargruppe og har ansvar for
- å leie lærings- og utviklingsarbeid
- personalleiing og økonomistyring
- samspel med elevar, foreldre og nærmiljø
- tverrfagleg samarbeid om barn og unge sin oppvekst
- samarbeid på tvers av einingane
Krav til søkar
Vi søker ein målretta skoleleiar med pedagogisk utdanning og erfaring.
Formell kompetanse i skoleleiing vil bli vektlagt.
Vi ser etter ein inkluderande og utviklingsorientert leiar som kan inspirere, motivere og skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø.
Kommunikasjons- og samarbeidsevner er viktig
Leiar må ha helse til å stå i stillinga.
God datakunnskap og erfaring i bruk av data som arbeidsverktøy.
Bruke nynorsk som målføre.
Vi tilbyr
Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø og dyktige medarbeidarar
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter avtale
Utdanningsstønad frå Fond for rekruttering, utvikling og omstilling.
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk.
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
AUKRA KOMMUNE
Adresse
Skolebakken 7, 6409 Molde
Aukra kommune er ein øy- og fastlandskommune på kysten av Romsdal. Kommunen har 3600 innbyggarar og er ein vekstkommune. Med ilandføring av gass frå Ormen Lange-feltet og som gassknutepunkt for Norskehavet, er kommunen sikra eit unikt utgangspunkt for eit allsidig nærings- og kulturliv og godt utbygde tenester. Kommunen si plassering innbyr til friluftsaktivitetar både til sjøs og til lands. Avstanden til kultur-, fotball- og industribyen Molde er kort.Aukra kommune har 320 årsverk fordelt på omlag 450 tilsette. Administrativt er vi organisert i to nivå: rådmann, kommunalsjefar og tre stabs- og støtteavdelingar samt 11 einingar. Kommunen har gode utviklingsmulegheiter og står overfor mange interessante prosjekt og store utfordringar.
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 15. mars 2019
Hentet fra: Aukra kommune
Referanse: aukra.ror-ikt.no/recruitment/opening?0?568
Stillingsnummer: ea2fc428-a729-4a57-8fd4-b4fa1d2031d1