Ambulansearbeidar, faste stillingar
Org. nr: - Stillingsident: 4430569091 Presentasjon av stillingen:
Akuttmedisinsk avdeling, AMA, er ein avdeling under Kirurgisk Serviceklinikk, og har ansvaret for all ambulansedrift (bil, båt, helikopter) samt nødmeldetenesta i Helseføretaket. Avdelinga har om lag 360 tilsette. Drifta er i dag organisert i tre ambulanseområde i tillegg til AMK-sentral.
Vi søkjer etter autoriserte ambulansearbeidarar i ambulansetenesta seksjon Nord og seksjon Sør/ Vest. Vi har ledig faste helgestillingar i begge seksjonar. Oppgje i søknaden kva stilling(ar) du søkjer i prioritert rekkjefølgje.
Faste stillingar Seksjon Nord:
- 2 stk. Helgestillingar 36,4 % ved Knarvik stasjon frå 29.11.2021 og 01.12.2021
- 1 stk. Utvida helgestilling 50,7 % ved Knarvik stasjon frå 01.12.2021
Faste stillingar seksjon Sør/ Vest
- 1 stk. Helgestilling 36,4 % ved Straume stasjon frå 01.12.2021
- 1 stk. Helgestilling 36,4 % ved Godvik stasjon frå 01.12.2021
Søkjarar som blir kalla inn til intervju vil måtte gjennomføre følgjande testar:
- Fysisk test
- Fagleg utsjekk
- Køyre utsjekk
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som ambulansearbeidar
- Krav om kompetansebevis for utrykkingskøyring (kode160)
- Førarkort kl. C1 er eit krav for fast tilsetjing
- Plettfri vandel. Vandelsattest må leggjast fram før tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst, påliteleg, serviceorientert og fleksibel
- God fysisk og psykisk helse
- Evne til å ta raske avgjerder og til å arbeide sjølvstendig
- Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
- Søkjar sine personlege eigenskapar tel mykje ved tilsetjing
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Vi tilbyr gode turnusordningar
- Vi tilbyr fagdagar med kompetanseheving
- Stasjonane har gode treningsfasilitetar og mange spennande oppdrag både sommar og vinter
- Det er godt samarbeid med dei andre nødetatane i distrikta
- Gode kollegaer i eit triveleg miljø
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Tone Daltveit Mosevoll, Seksjonsleiar, 98260414, tone.daltveit.mosevoll@helse-bergen.no
Tommy Nybakk, Seksjonsleiar, 41929290
Arbeidsstad
Jonas Lies vei 65
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4430569091
Stillingsprosent: 50,7%
Fast
Startdato: 29.11.2021
Søknadsfrist: 01.10.2021
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.