Undervisningsstilling - Helland skule
Org.nr.:939901965 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Stillingstype
Det er ledig 80 % fast undervisningsstilling på ungdomsskulen ved Helland skule frå 01.08.2020.
Utover våren kan det bli ledige lærarstillingar ved barne- og ungdomsskulen som følgje av oppseiingar og/eller permisjonar. Desse stillingane vil bli tatt med i tilsettingsprosessen. Vi tek atterhald om endringar elles i organisasjonen.
Arbeidsoppgåver
- undervisning og rettleiing av elevar
- vurderingsarbeid vert lagt vekt på gjennom ulike former for elevvurdering
- motivere elevane til innsats for eiga læring
- tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar
- samarbeid med elevar, føresette og kollegaer
- rettleie elevar fagleg og sosialt
Kvalifikasjonar
- lærar med erfaring og utdanning innan kunst- og handverk på ungdomsskulen
- andre fagområde kan også vere aktuelle
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- ha god kommunikasjonsevne
- digital kompetanse
- bidra til teamutvikling
- engasjert og fagleg dyktig
- det blir stilt krav om politiattest
- det vert stilt krav til allmennlærarutdanning eller tilsvarande pedagogisk utdanning.
- personlege eigenskapar vil og bli vektlagt.
Personlege eigenskapar
- kan jobbe sjølvstendig og strukturert
- er opptatt av barn og unge si læring og utvikling
- kan rettleie elevane til godt læringsutbytte
- har fokus på klasseleiing
- opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
- er løysingsfokusert og utviklingsorientert
- er fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
- ein arbeidsplass med fokus på utvikling
- tilsette med fagkompetanse som har mindre enn 4 års ansiennitet, får godkjent 4 års ansiennitet.
- ein kommune som er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2% av lønna i pensjonsinnskot. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest, skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referanser
Oppgi referansar
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentleggjort. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Gisela Stene Smith-Nilsen, Tlf: +47 71188552, Mobil +47 99441455, Epost: gisela.smith-nilsen@vestnes.kommune.no
Om bedriften
Helland ungdomsskule er under påbygging og oppussing. Arbeidet er pårekna å vare i om lag 2 år. Skulen vil frå 01.08.2020 ta i bruk Tresfjord skule sine lokalar. Ungdomsskulen har til saman
160 elevar på 8.-10.klasse. Skulen har ansvar for undervisning for elevar som er busett på Kollen ungdomsbase.