Tannhelsesekretær
Org. nr: 974556804 Stillingsident: 4472752161 Presentasjon av stillingen:
Vestland tannhelseteneste - Område Sør-Aust, har ledig 80% stilling som tannhelsesekretær frå 01.05.2022. Tenestestad er for tida ved Stord tannklinikk.
Kvalifikasjonar
Søkjar må ha autorisasjon som tannhelsesekretær.
Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg. Den som vert tilsett må leggje fram politiattest.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar.
Vi tilbyr
Stillinga vert løna i samsvar med gjeldande tariffavtale. Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 mnd.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25, 2 ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Om du har bedt om unntak, vil du bli varsla før søkjarliste vert offentleggjort
Kontaktinformasjon
Margareth Simonsen Råen, områdeleiar tannhelse, 99021332
Arbeidsstad
Borggata 5
5417 Stord
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4472752161
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.05.2022
Søknadsfrist: 13.02.2022
Om bedriften
Tannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under tjue år. Vi behandlar og personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved Tannhelsetenesta kompetansesenter -- TkVestland, tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland. Tilsette i tannhelsetenesta i Vestland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).