Skulane i Selje kommune
Presentasjon av stillingen :
I Seljeskulane tileignar eleven seg kunnskap og opplever meistring kvar dag - i eit inkluderande fellesskap der den einskilde kjenner seg sett og respektert.
Stadlandet skule har om lag 110 elevar fordelt på 1.-10. trinn og 25 tilsette.
Selje skule har om lag 150 elevar fordelt på 1.-10. trinn og 30 tilsette.
Flatraket skule har om lag 40 elevar fordelt på 1.-7. trinn og 10 tilsette.
Alle skulane har tilbod om skulefritidsordning.
Ved Stadlandet skule har vi ledig:
- 200 % faste lærarstillingar frå 1. august 2019 Fagønskje: Kroppsøving, naturfag og engelsk.
Ved Selje skule har vi ledig:
- 400 % faste lærarstillingar frå 1. august 2019 Fagønskje: Rådgjeving, spesialpedagogikk, musikk, kunst og handverk.
Ved Flatraket skule har vi ledig:
- 100 % fast lærarstilling frå 1. august 2019 Fagkompetanse for undervisning i 1.-7. klasse og ønskje om spesialpedagogikk.
Det kan bli fleire ledige stillingar i skulane i Selje kommune.
Oppgåver:
- Motivere medarbeidarar, barn og foreldre til å skape eit godt oppvekstmiljø
- Medverke til å utvikle eit godt fagleg og sosialt opplæringstilbod
- Medvirke til å drive gode forbetrings- og endringsprosessar
Medverke til å utvikle gode samarbeidskulturar både internt, tverrfagleg og eksternt - Tilsette vil kunne bli tillagt kontaktlæraransvar
Kvalifikasjonar:
- Allmennlærarutdanning eller grunnskulelærarutdanning for 1.-7. trinn og for 5.-10. trinn
- Gode kommunikasjonsvener på norsk, både skriftleg og munnleg
- Kunne leie grupper og klasser på ein god og inkluderande måte
- Personlege eigenskapar vert lagt vekt på: Har gode samarbeidsevner, er tydeleg og engasjert, er kreativ og initiativrik, arbeider sjølvstendig og systematisk, god vurderingsevne og god rolleforståing.
Vi kan tilby:
- Eit godt arbeidsmiljø
- Godt og nært fagleg samarbeid
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket
- God pensjons- og forsikringsordning
Selje kommune har 6 månadar prøvetid.
For meir informasjon om stillingane, ta gjerne kontakt med rektor:
Anita Hoddevik på Stadlandet skule 99 70 45 72
Atle Solheim på Selje skule 99 24 76 87
Ellen Rundereim på Flatraket skule 91 71 81 53
Frå 01.01.2020 vert Selje og Eid kommunar slått saman til Stad kommune. Dei tilsette i skulane vert overførte til Stad kommune frå denne datoen.
Vi ber om at vitnemål, attestar og referansar vert lasta opp i lag med søknaden. Politiattest skal leggast fram ved tilsetjing. Du søkjer ved å bruke lenkje som du finn i denne annonsen. Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Søknadsfrist 17. mars 2019.
Vil du bli lærling som barne- og ungdomsarbeidar, søkjer du via www.superlarling.no
Link til søknadsskjema: Send søknad
Om bedriften
.