Er du vår nye barneskulelærar?
Stillingsannonsen er inaktiv.Stiftelsen Møre Ungdomsskule
Ramsvika 3, 6012 Ålesund
Er du vår nye barneskulelærar?
Ønsker du å gjere ein forskjell? Har du erfaring med begynneropplæring? Har du eit engasjement for at elevane skal lære gjennom uteskule og uteaktivitet?
Møre barne- og ungdomsskule Ålesund søker ein dyktig og engasjert lærar med erfaring frå småtrinnet. Frå 1.august 2020 har vi ledig ei spennande lærarstilling, 80% fast.
Vi ser etter ein lærar som vil vere med å utvikle og forme skulen sin oppstart med barnetrinn.
Stiftelsen Møre Ungdomsskule Ålesund er ein kristen friskule som ligg på Hatleholen i Ålesund. Skulen starta opp som ungdomsskule i 1997 og har for tida 112 elevar og 25 tilsette. Vi utvidar no skulen og frå august 2020 startar vi barneskule. I første omgang med 1. og 2.trinn. Samtidig skiftar vi namn til Møre barne- og ungdomsskule Ålesund.
Å starte opp ein ny barneskule krev engasjement og fleksibilitet. Det er viktig at alle i personalet vil gjere sitt ytterste for å skape eit godt miljø -- slik at elevane får blomstre og utvikle seg i eit trygt miljø med trygge vaksne som ser kvar enkelt.
Undervisningskompetanse og personlege eigenskapar for stillinga vert vektlagt.
Alle tilsette ved skulen må kunne identifisere seg med, og arbeide aktivt for å fremje formålet med det kristne verdigrunnlaget for skulen.
Arbeidsoppgåver:
· Kontaktlæraransvar på barnetrinn
· Planlegge og gjennomføre uteskule
· Samarbeid med føresette, skulen sine ansatte og eksterne samarbeidspartnere
Kompetanse:
· Godkjent lærarutdanning
· Erfaring med begynneropplæring på småtrinnet
· Kompetanse og/eller erfaring med uteskule
Personlege eigenskapar:
Vi ser etter deg som...
· er engasjert i elevens læring og utvikling.
· har eit positivt elevsyn, er ein god klasseleiar og ein trygg vaksen.
· likar å bruke naturen som klasserom.
· er nysgjerring og utviklingsorientert, ein aktiv medspelar i profesjonsfellesskapet.
· er engasjert, fleksibel og løysingsorientert.
· har evne til god dialog og samspel.
· kan arbeide ryddig, strukturert og målretta, både sjølvstendig og i team.
Vi tilbyr:
· Triveleg arbeidsmiljø med fokus på læring og utvikling.
· Utfordrande, varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø.
· Lønn etter tariff og pensjon i Statens pensjonskasse.
Søknadsfrist: 2.mars 2020
Søknad med CV sender du til rektor@moreuskule.no
Den som blir tilsett, må kunne leggje fram politiattest.
Kontaktinformasjon:
Rektor Signe Urtegård på tlf. 70 17 66 72
Mail: rektor@moreuskule.no
Prosjektleiar Turid Beate Bjørnerem tlf. 71 71 05 22
Inspektør Olav Sæbø tlf. 70 17 66 73
Arbeidsstad: Ramsvika 3, 6012 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar: Stiftelsen Møre ungdomsskule Ålesund
Stillingstittel: Undervisning barnetrinn
Stillingsprosent: 80% fast. Kan bli muligheit for meir.
Søknadsfrist: 02.03.2020
Startdato: 01.08.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Stiftelsen Møre Ungdomsskule
Adresse
Ramsvika 3, 6012 Ålesund
Hjemmeside
Stiftelsen Møre Ungdomsskule Ålesund er ein kristen friskule som ligg på Hatleholen i Ålesund. Skulen starta opp som ungdomsskule i 1997 og har for tida 112 elevar og 25 tilsette. Vi utvidar no skulen og frå august 2020 startar vi barneskule. I første omgang med 1. og 2.trinn. Samtidig skiftar vi namn til Møre barne- og ungdomsskule Ålesund.
Om stillingen
Stillingstittel
Barneskulelærar
Antall stillinger
1
Oppstart
1. august 2020
Heltid/deltid
Deltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Ukedager
Arbeidstid
Dagtid
Sist endret: 3. mars 2020
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: e99c09de-de1c-4638-ac32-19636559565a
Stillingsnummer: e99c09de-de1c-4638-ac32-19636559565a