Lærar i naturbruk
Org. nr: 974557592 Stillingsident: 4387597017 Presentasjon av stillingen:
Austevoll vgs har 35 tilsette og ca. 200 elevar. Skulen har tilbod innan naturbruk, fiske og fangst, akvakultur, teknologi- og industrifag, maritime fag og helse og oppvekst.
100 % fast stilling som faglærar på vg1 naturbruk (blå).
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
Arbeidsoppgåver
Du må kunne undervise i programfaga på vg1 naturbruk. Det meste av undervisninga foregår på naustet, i nothallen og ute i båt. Det kan òg bli noko undervisning på vg2 fiske og fangst og vg2 akvakultur i fiskereiskap og utstyr.
Kvalifikasjonar
Du må ha fagbrev innan fagområdet naturbruk, som t.d. fiske og fangst, akvakultur eller industrisaum (industritekstil, fiskereiskap). Erfaring frå fiskeri, havbruk eller arbeid med fiskereiskap er ønskeleg. Du må vera kyndig i båt og kunne drive fiskeri i mindre skala i farvatnet rundt skulen. Du må ha praktisk pedagogisk utdanning for å kunne undervise på vidaregåande skule. Personar utan praktisk pedagogisk utdanning kan òg søke stillinga, men må då ta denne utdanninga innan 3 år etter tilsetjing.
Personlege eigenskapar
Du må vere flink til å skape gode relasjonar med elevane og kunne samarbeide godt med andre faglærarar. Du må ha god formidlingsevne og kunne sjå kvar elev og nivåretta undervisninga slik at elevane opplev meistring i faget. Du må ha eit godt humør og gjere undervisninga lystbetont og engasjerande.
Vi tilbyr
Eit godt arbeidsmiljø på ein flott skule. Gode forsikrings- og pensjonsordningar. For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk.
Kontaktinformasjon
Vivian Bjånesø Horgen, rektor , 40221441, vivian.bjaneso.horgen@vlfk.no
Arbeidsstad
5392
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4387597017
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.06.2021
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.