Ekstrahjelpar
Ekstrahjelpar
Vi treng ekstrahjelpar til våre butikkar på Stord og Fitjar. Tenesta er for tida på Stord og Fitjar.
Du bør ha 3-årig vidaregåande skole (eller tilsvarande kompetanse) og erfaring frå butikkarbeid. Du må vere serviceinnstilt, vise initiativ og ha gode samarbeidseigenskapar. Det er òg ønskjeleg med grunnleggjande datakunnskapar.
I Vinmonopolet er det eit mål å oppnå balansert samansetning i høve til alder, kjønn, kjønnsidentitet, seksuell orientering og kulturell bakgrunn. Alt salspersonale hos oss må vere over 20 år.
Vi gjennomfører bakgrunnssjekker på aktuelle kandidatar via vår partnar Semac AS, www.semac.no.
Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte butikksjef Kai Rune Olsen på tlf: 934 51 708.
Send søknad elektronisk via lenkja på denne sida.
Søknadsfrist: 29. september 2021.
Treng du hjelp til å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet, kan du kontakte Jobbnorges kundeservice på telefon 75 54 22 20. Vitnemål og attestar tek du med dersom du bli kalla inn til intervju.
Om bedriften
Vinmonopolet
Vinmonopolet er det viktigaste verkemiddelet samfunnet har for ansvarleg sal av alkohol, med einerett på sal av vin, brennevin og sterkøl med over 4,7 prosent alkohol. Vi har om lag 2 000 stolte, engasjerte og dyktige tilsette fordelte på rundt 340 butikkar over heile landet i tillegg til kundesenter, netthandel og administrasjon. Vinmonopolet er verdas største vinbutikk, med 27 000 produkt frå heile verda i sortimentet.
I 2020 omsette vi for 20,5 milliardar kroner.
Vi skal halde fram med å gi Noregs beste kundemøte, prega av fagkunnskap, service og ansvarlegheit. Verdiane vi bruker for å nå dit, er at vi skal vere rause, solide og dynamiske.