Kommunalsjef helse og omsorg
Org. nr: - Stillingsident: 4379450433 Presentasjon av stillingen:
Vil du vere med å leie Tysnes kommune gjennom vidare vekst og utvikling? Me har ledig stilling som kommunalsjef helse og omsorg.
Stillinga som kommunalsjef inngår i rådmannen si leiargrippe og rapporterar til rådmannen. Tenesteområda helse og omsorg omfattar kommunen sine institusjonstenester, heimetenesta, helseavdelinga og NAV. I kommunalsjefen si leiargruppe inngår 4 einingsleiarar.
I stillinga som kommunalsjef vil du få ei sentral rolle i utviklinga av kommunen og vera ein aktiv bidragsytar i rådmannen si leiargruppe. Saman med våre engasjerte og dyktige medarbeidarar skal me styrka og vidareutvikla Tysnes kommune.
Me søkjer etter ein handlekraftig og tillitsbyggande toppleiar som skal visa veg i helse- og sosialsektoren. Kommunalsjefen har eit heilskapleg leiaransvar, med økonomiansvar, personalansvar, fagansvar og utviklingsansvar.
Arbeidsoppgåver
- Medverka i kommunen sitt heilskaplege arbeid med utvikling av lokalsamfunnet
- Overordna økonomi- og budsjettansvar for sektoren
- Samordning, koordinering og utvikling av tenestene som ligg til einingane i helse og omsorg
- Styra utviklingsprosjekt innan sektorområde
- Vera drivar for innovativ tenesteutvikling i sektoren, der teknologi og nye arbeidsmåtar er avgjerande
- Ansvar for sakshandsaming og iverksetjing av politiske vedtak som høyrer til ansvarsområda for sektoren
- Særleg ansvar for oppfølging av einingsleiarane i sektoren, leggja til rette for og følgja opp fag- og kvalitetsutvikling
- Ansvar for interkommunalt samarbeid som ligg til sektoren
Kvalifikasjonar
- Du har utdanning frå universitet eller høgskule, gjerne med helse og/eller sosialfagleg kompetanse
- Grundig innsikt i og erfaring med økonomi- og verksemdstyring
- Leiarfaring frå sektoren er ein føremon
- Erfaring og kunnskap om l offentleg verksemd
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Tenestemålet i Tysnes er nynorsk
Personlege eigenskapar
- Me søkjer ein tydeleg leiar med ein inkluderande leiarstil
- Me ønskjer deg som er analytisk, strategisk og har gjennomføringsevne
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og god relasjonskompetanse
- Du må ha vera open, nyskjerrrig, inkluderande og samarbeidsorientert
- Du må kunne tenkja heilskapleg og også tenkja utover eige ansvarsområde
Me tilbyr
- Ei sentral rolle for deg som vil vera med å påverka og utvikla lokalsamfunnet
- Gode sjansar for fagleg og personleg utvikling
- Ein inkluderande arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø
- Løn etter avtale og gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Steinar Dalland, Rådmann, 970 46 500, steinar.dalland@tysnes.kommune.no
Arbeidsstad
Uggdalsvegen 301
5685 Uggdal
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Tysnes kommune
Referansenr.:4379450433
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.05.2021
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.