Ledig fastlegeheimel
Stillingsannonsen er inaktiv.Hemsedal kommune
Kommunelegene
Hemsedal kommune har ein ledig fastlegeheimel frå 1. juni 2020.
Hemsedal ligg fantastisk til i fjella mellom aust og vest. Her har du naturen rett utanfor døra, med flotte friluftsmoglegheiter sommar og vinter. Hemsedal har også eit av Noregs beste skianlegg.
Vi kan tilby eit spennande og lærerikt arbeidsmiljø med både vanleg fastlegearbeid, men også mykje akuttmedisin og ortopedi. På vinteren behandlar kontoret rundt 1000 skiskadar per sesong. Legekontoret er godt utstyrt med blant anna ultralyd, røntgenapparat og velutstyrt laboratorie.
Kommunen har 4 fastlegestillingar. Kveld og helg er det legevaktssamarbeid med nabokommunen Gol, med 8-delt heimevakt. Det er felles interkommunal nattlegevakt på Ål frå kl. 23.00-08.00 med ca. éi nattevakt per månad per lege.
Legene er tilsette med "nullavtale" (8.2 avtale), der kommunen drifter legekontoret mot å behalde basistilskotet. Legene er sjølvstendig næringsdrivande både på dagtid og på legevakt. Nattevaktene er fastlønna. Offentleg legearbeid kan tilpliktes med inntil 7,5 timer per uke.
Kontoret bruker SystemX som EPJ-system og er tilknytta Norsk helsenett.
Kvalifikasjonar:
- Offentleg godkjent lege med norsk autorisasjon
- Gjennomført norsk turnusteneste
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Gode kommunikasjonsevner
- Spesialist i allmennmedisin eller i spesialisering
Det vil bli lagt vekt på:
- Personlig egnethet
- Evne til internt- og tverrfagleg samarbeid og kollegial støtte
- Tidlegare arbeidserfaringar, faglege kvalifikasjonar og fagleg dyktigheit
Minst to referansar må oppgis. Arbeidstakar tilsettast i kommunen på dei vilkår som til ein kvar tid går fram av gjeldande lover, tariffavtaler og reglement.
Generell informasjon:
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Det er for enkelte stillingar krav om helseattest, autorisasjon m.v.
- Gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggjast fram før tiltreding i stillinga
Søkjarlister er offentlege jf. offentleglova §25. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du krysse av og grunngje dette i søknadsprosessen. Om dette ikkje blir tatt til følge vil du som søkjar bli varsla, og du kan da velje å trekke din søknad før søkjarlista bli utarbeida.
Elektronisk søknadsprosess:
Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring må lastas opp som ein del av den elektroniske søknaden. Referansar vil bli innhenta.
Kontakt postmottak@hemsedal.kommune.no ved utfordringar i søknadsprosessen.
Vi ønskjer deg velkommen som søkjar her hos oss i Hemsedal kommune.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Hemsedal kommune
Adresse
3560 Hemsedal
Hemsedal kommune er ei fjellbygd i Hallingdalsregionen, med omlag 2450 innbyggjarar. Kommunen er møtet mellom aust og vest med 9 mil til Lærdal og Sognefjorden, 3 mil til Gol, Bergensbanen og Riksveg 7. Kommunen har auke i folketalet og ei spennande reiselivsutvikling parallelt med eit livskraftig landbruk og eit rikt og mangfaldig kulturliv. Alpinsenteret er vel kjend samstundes som uberørte naturområde er kjelde til glede, både sommar som vinter; på ski, med fiskestong eller jaktutstyr, på sykkel eller til fots.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 18. april 2020
Hentet fra: Hemsedal kommune
Referanse: enterprise-he.hdnett.no/recruitment/opening?0?330
Stillingsnummer: e8f4ae70-2984-48dd-b0bc-26ae4113cce4