Kundesenterkonsulent - generell og spesialisert
Org. nr: - Stillingsident: 4201225041 Presentasjon av stillingen:
Vi ser etter folk med erfaring innan kundeservice og IT, eller som har erfaring med innkjøp og/eller økonomi (SAP) - helst frå sjukehus eller helsesektor. Vi søker både konsulent på "generell" linje, men òg konsulent som ynskjer å verte spesialist innan programmet LIBRA, som er Helse Vest sitt nye innkjøps-, logistikk- og økonomisystem . Vårt kundesenter er både ein utfordrande og variert base, men òg springbrettet inn i resten av vestlandets største IT-selskap for dei av våre konsulentar som vil auke spisskompetansen sin.
Som konsulent ved Kundesenteret gir du førstelinje brukarstøtte til alle pc-brukarar i Helse Vest, i eit miljø drive av resultat og suksessgrad. Oppdraga kjem inn via telefon, e-post og web, og målet er å svare minst 80 prosent av samtalane innan eitt minutt, og alle web-skjema innan éin time. Kundesenteret er ein høgkompetent servicedesk som løyser to av tre oppdrag ved fyrste kontakt, og nyttar ITILs Incident Management process.
Kundesenteret er ope 24/7, følgeleg må noko arbeid på natt, kveld og helg påreknast.
Varigheit: 12 månadar, med moglegheit for forlenging.
Søknadar utan vitnemål eller attestar vert ikkje vurderte.
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå brukarstøtte/kundekontakt
- God kjennskap til Windows10, og generell feilsøking
- Krav til flytande norsk munnleg og skriftleg
- Gjerne erfaring frå innkjøp, lager og økonomi
- IKT-fagleg utdanning, minimum fagbrev
(relevant realkompetanse kan kompensere for manglande utdanning)
Utdanningsretning
- IKT-fag
- Helsefag
Utdanningsnivå
- Fagskule/fagbrev
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Du likar å hjelpe folk, og bistå til ein enklare arbeidsdag
- Målretta og resultatorientert
- Gode samarbeidsevner, evne til å arbeide i team
- Initiativrik og evne til å arbeide sjølvstendig
- Gode kommunikasjonsevner
- Pålitelig og punktleg
Language
- Norsk
Vi tilbyr
- Interessante utfordringar med gode høve til fagleg og personleg utvikling
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Godt sosialt miljø
- Løn etter avtale
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar
Kontaktinformasjon
Johannes Andre Hilland, Ass. Seksjonsleiar, (+47) 952 31 183
Thomas Yrvin, Seksjonsleiar, (+47) 995 58 021
Arbeidsstad
Ibsensgate 104
5052 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Helse Vest IKT
Referansenr.:4201225041
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 13.04.2020