Personlig assistent helg, ca 20 % 20/558
Det er ledig 2 faste helgestillingar på ca 20 % med arbeid laurdag og sundag 3. kvar helg + 1 vakt fortrinnsvis på kveld på 3 veker. Ei stilling ledig frå snarast og ei frå 01.08.20.
Me søkjer roleg, vaksen kvinne til stilling som personleg assistent til ein av brukarane våre med alvorlig ME. Det er ein fordel om du har kjennskap til sjukdommen, evne til å visa forståing, er samarbeidsvillig og ser personen bak diagnosen.
Arbeidsoppgåver:
Oppgåvene er delte, du er helsearbeidar, heimehjelpar og kjøkkenassistent i eitt.
Det er stort sett rolege arbeidsdagar, men det er detaljerte oppgåver som skal gjerast.
Du vil jobbe saman med eit team på 6 personar.
Krav til kompetanse
- personlege eigenskapar vert vektlagt
Om bedriften
Heimesjukepleien distrikt aust er eit av tre heimesjukepleiedistrikt i Klepp.