Fleire mellombelse stillingar som BPA - assistent
Stillingsannonsen er inaktiv.Nord-Fron kommune
Nord-Fron kommune
Beskrivelse
Liker du å arbeide med menneskjer?
Eg har behov for å tilsette fleire BPA assistentar frå snarast.
Eg er ein mann på 49 år som søkjer etter personlege assistentar til mitt assistentteam.
Eg er rullestorbrukar pga. sjukdom og bor i egen bolig med ektefelle og to små barn.
Eg er i ein rehabiliteringsprosess pga. min sjukdom og bruker mykje tid på å trene på ulike ferdigheter. Her vil mine
assistentar få ei viktig rolle.
Arbeidsoppgåver
- Assistere i praktiske gjeremål.
- Hjelp ved forflyttning.
- Personleg stell, påkledning og måltider.
- Enkelt husarbeid.
- Kjøre bil (det er krav om førarkort klasse B).
- Handling.
- Assistere meg slik at eg kan vere aktiv i mine barns kvardag.
Arbeidstid
Eg treng assistentar frå måndag - fredag eine veka og måndag - laurdag andre veka (dvs. at du arbeidar 2. kvar
laurdag). Arbeidet foregår oftast på dagtid i tida kl. 08:00 - 16:00 og på laurdagar kl. 10:00 - 17:00, men det kan også
oppstå behov for at du arbeidar kveldsvakter.
Kvalifikasjonar
- Ingen formelle krav til kompetanse blir kravd for stillingane og opplæring vil bli gitt.
- Førarkort klasse B.
- Godt humør, initiativrik, motivert, fleksibel og løysingsorientert.
- Du må ta hensyn til at arbeidsplassen er heile familiens heim.
- Erfaring frå liknande arbeid er ein stor fordel.
- Personlege eigenskapar for stillingane vil bli tillagt stor vekt.
Vilkår
Løn som assistent.
Søknaden sendes
Registrer søknaden under knappen Søk på stilling.
Alle søknader på ledige stillingar skal skje via vårt elektroniske rekrutteringssystem. Søknader skal ikkje sendast som e-post.
Kopi av attestar og vitnemål blir etterspurt ved behov. Kopiane blir ikkje returnert.
Nord-Fron kommune praktiserer meiroffentlegheit, der namn, adresse, alder og stilling blir offentleggjort på søkarlista etter at søknadsfristen har gått ut. Ønskje om evt. konfidensiell behandling må grunngjevast særskilt. Viss unntak ikkje blir akseptert, vil søkar bli varsla og søknaden kan eventuelt trekkast.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Nord-Fron kommune
Adresse
Nedregata 50, 2640 Vinstra
Nord-Fron Kommune med byen Vinstra og tettstadene Kvam og Skåbu ligg i Gudbrandsdalen, midt mellom Trondheim og Oslo. Kommunen har ca. 5 700 innbyggarar. Regionen Midt-Gudbrandsdal har nesten 13 200 innbyggarar og er med sine rundt 7 600 hytter eit av Norges mest attraktive fritidsområde. Nord-Fron kommune har eit breitt natur- og kulturtilbod gjennom kulturskole, idrettslag og private kulturberarar som Peer Gynt, Countryfestivalen og Ronadaståk. Kommunen har både kunstgrasbaner, friidrettsanlegg og badeland. Vi har trygge og gode oppvekstvilkår for barn og unge, med eit godt skole- og barnehagetilbod, som også inkluderer ein moderne vidaregåande skole. Kommunesenteret Vinstra har positiv vekst, med eit breitt teneste og servicetilbod. Nord-Fron kommunes visjon er å vere det attraktive midtpunktet i Gudbrandsdalen. Våre verdiar er HEL VED | NYSKAPANDE | INKLUDERANDE.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 25. april 2021
Hentet fra: Nord-Fron kommune
Referanse: enterprise.nord-fron.kommune.no/recruitment/opening?1?755/2021
Stillingsnummer: e8c033fc-f741-4154-8d99-ba8ccb40a652