Lærarstillingar skuleåret 2020/2021
I Vågå kommune er det frå 01.08.2020 ledige lærarstillingar i grunnskulen -- både vikariat og faste stillingar.
Lalm skule: inntil 250%
Vågåmo skule: inntil 450%
Vågå ungdomsskule: inntil 330%
I tillegg kan det bli ledig fleire vikariat, avhengig av lærarar på vidareutdanning.
Vågå kommune har tre skular: Vågåmo skule (1.-7.), Lalm skule (1.-7.) og Vågå ungdomsskule (8.-10.). Talet på elevar totalt i grunnskulen er rundt 420. Vågå kommune er MOT-kommune. Hovudmålet i grunnskulen i Vågå er nynorsk.
Er du klar for utfordring og utvikling?
Vi søker lærarar som vil vera med å vidareutvikle Vågåskulen.
Våre overordna mål er:
- Ein kollektivt orientert skule med vekt på trivsel, samskaping, inkludering og lokal identitet.
- Ein skule som arbeider systematisk for å betre eleven si læring og utvikling.
Satsingsområde i Vågåskulen:
· Det har gjennom fleire år vore sterk satsing på bruk av IKT i skulen i Vågå, og alle elevar på 3.-10. steg har eigen PC.
· Tidleg innsats
· Forpliktande samarbeid heim/skule
· Fysisk aktiv læring (FAL) 1.-7. steg
Vi søker etter engasjerte lærarar som:
· er sterke på klasseleiing og relasjonsbygging
· har god digital kompetanse og erfaring i bruk av digitale verkty i undervisninga
· er løysingsorienterte og har evne til fleksibilitet
· er gode på samarbeid
· har gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Dei som blir tilsett må kunne ta på seg kontaktlæraransvar. Stabilitet og personlege eigenskapar blir vektlagt, saman med utdanning og praksis.
Vi søker primært etter grunnskulelærarar, men også godkjent undervisningskompetanse (PPU) vil ved særskilte fagbehov bli vurdert. Barnehagelærarar med tilleggsutdanning vil berre bli vurdert dersom det ikkje er tilstrekkeleg kompetanse og kvalifikasjonar blant dei andre søkjarane.
Vi er spesielt ute etter lærarar med følgjande kompetanse:
· engelsk, norsk, musikk, tysk og spesialpedagogikk (ungdomsskulen)
· matematikk, norsk, engelsk, musikk og spesialpedagogikk (Vågåmo skule)
· andre fag etter behov
Søkjarane må på søknaden spesifisere tenestestad. Søkjarane blir bedne om å gje opp kva fag dei har fordjuping i.
Utlysinga gjeld stillingar som blir ledige fram mot skulestart, og tilsetjing vil skje kontinuerleg i denne perioden.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, regelverk og avtaler.
Nærare informasjon om stillingane får du ved å kontakte:
Tor-Even Vågheim -- rektor Lalm skule. Tlf. 99589612, e-post: tor.even.vagheim@vagaskulane.no
Dag Nyøygard -- fungerande rektor Vågåmo skule. Tlf. 61293800 / 95057283,
e-post: dag.nyoygard@vagaskulane.no
Arnt Odnes -- fungerande rektor Vågå ungdomsskule. Tlf. 61293900 / 90114405,
e-post: arnt.odnes@vagaskulane.no
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som
e-post til postmottak@vaga.kommune.no. Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Referansar vil bli nytta, og dei søkjarane som blir vurdert som aktuelle vil bli kalla inn til individuelle intervju.
Søknadsfrist: 15.03.2020.
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.