Overlege - psykiatri
Org. nr: - Stillingsident: 4087496577 Presentasjon av stillingen:
Klinikk for psykisk helse og rus - Avdeling for distriktspsykiatrisk senter Sunnmøre - Døgnbehandling psykisk helse DPS Sjøholt
Ledig fast 100 % stilling som overlege i psykiatri frå 01.08..2019
Avdeling for distriktspsykiatriske senter Sunnmøre er ei av fem avdelingar i Klinikk for psykisk helse og rus. DPS Sjøholt er ein av sju seksjonar i avdelinga. Avdelinga tilbyr desentraliserte, tilgjengelege og samanhengande spesialisthelsetenester. I samarbeid med dei 17 kommunane i opptaksområdet vil vi arbeide for at menneske med psykiske lidingar skal kunne leve eit mest mogleg normalt liv, prega av deltaking, uavhengigheit og evne til å meistre eige liv. Dette inneber tilgjengelege tenester for befolkninga og stor grad av brukarmedverknad. I avdelinga er det eit tett samarbeid mellom seksjonane, med høve til fagleg utvikling og variert klinisk arbeid for medarbeidarane.
DPS Sjøholt er delt i to team, eit døgnteam og eit ambulant team. Frå 1.
september 2019 blir døgnposten lagt ned, og vi får ei styrking av det ambulante
teamet. Ambulant team tilbyr utgreiing, diagnostisering og behandling i
pasienten sitt heimemiljø.
Vi gir tilbod til pasientar med psykoselidingar, angst, depresjon, traume- og
personlegdomsproblematikk m.m.
Vi har åtte samarbeidskommunar med til saman 45 tusen innbyggjarar. Pasientane
blir søkt inn frå fastlege eller overført frå andre seksjonar i klinikken. Vi
har ei tverrfagleg tilnærming i behandlinga i samarbeid med pasienten.
Det tverrfaglege teamet består av psykiater, psykologspesialist, psykolog, lege/LIS 3, psykiatrisk sjukepleiar, sjukepleiar, vernepleiar og fysioterapeut. Vi legg vekt på tett samarbeid med pasient, pårørande og dei kommunale tenestene.
Det er ei målsetting at arbeidsstyrken speilar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss, uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av menneske med psykiske lidingar og rusavhengigheit
- Samhandling og tverrfagleg samarbeid med kommunale tenester, fastlegar og pårørande
- Rettleiing og supervisjon av LIS
- Deltaking i kvalitetsforbetringsarbeid
- Deltaking i bakvaktordning etter behov/ønskje
Kvalifikasjonar
Overlege/spesialist
Norsk autorisasjon
Utdanningsretning
- Psykologi
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet
Personlege eigenskapar
- Gode evner til kommunikasjon
- Gode evner til etablering av terapeutiske relasjonar, Innstilt på å samarbeide på tvers av faggrupper, til pasientens beste
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- God norsk eller nordisk språkleg framstillingsevne, munnleg og skriftleg
- Vere personlig eigna
- Ha ei fleksibel haldning
Vi tilbyr
- Varierte og spanande arbeidsoppgåver
- Rekrutteringstillegg etter tariff
- Løn etter tariff
- Engasjert fagmiljø med variert og bra tilbud av ambulante tenester
Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV
Kontaktinformasjon
Ronald Longva, Seksjonsleiar, (+47) 70273870, Ronald.Longva@helse-mr.no
Arbeidsstad
Ålesund sjukehus
6026 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenummer:4087496577
Stillingsprosent: 100%
Startdato: 01.08.2019
Søknadsfrist: 09.06.2019
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape <>. Vår visjon er å vere `¿På lag med deg for helsa di`¿. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. <> er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal