Portør
Org. nr: - Stillingsident: 4439039777 Presentasjon av stillingen:
OM STILLINGA:
Voss sjukehus, Stab har 3 portørstillingar og skal tilsetja ein portør til. Hovudoppgåva er transport av pasientar internt på sjukehuset, samt andre logistikktenester for dei ulike avdelingane. Vi har ledig 60% fast stilling som portør med arbeid pt. kvar fjerde helg og dag/ kveldsvakter. Stillinga er ledig frå januar 2022
OM VOSS SJUKEHUS
Voss sjukehus er eit lokalsjukehus for om lag 30.000 innbyggjarar i Indre Hordaland. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar i indre Sogn. Det er i om lag 400 tilsette på sjukehuset.
Arbeidsoppgåver
- Pasienttransport internt i seng/rullestol eller gåande
- Transport av reine og skitne senger
- Intern varetransport
- Handtering av boss og spesialavfall
- Arbeidet er fysisk krevande
Kvalifikasjonar
- Må ha gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
- Må ha grunnleggande IKT- kompetanse
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
- Ønskeleg med førstehjelpskurs
Utdanningsnivå
- Vidaregåande skule
Personlege eigenskapar
- Vera utadvendt og serviceinnstilt
- Fleksibilitet, god samarbeids- og kommunikasjonsevne
- Du arbeidar sjølvstendig og meistrar handtering av fleire oppgåver på same tid
- Du har god orden, er punktleg og påliteleg
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Relevant opplæring
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv (IA)-bedrift
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle
mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er
kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder,
funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt
eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge
til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Anna Ringheim Lid, Seksjonsleiar, 56 53 37 90
Arbeidssted
Sjukehusvegen 1
5700 Voss
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Helse Bergen
Referansenr.:4439039777
Stillingsprosent: 60%
Fast
Startdato: 10.01.2022
Søknadsfrist: 27.10.2021
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.