To konstitusjonar som tingrettsdommar ved Bergen tingrett
Stillingsannonsen er inaktiv.Domstoladministrasjonen - Dommerstillinger
Tårnplass 2, 5012 Bergen
Jobbnorge ID: 192176
Om stillinga
Det blir ledig to konstitusjonar som tingrettsdommar ved Bergen tingrett. Konstitusjonane har ein varigheit på 18 månader. Tiltreding 1. mars 2021.
Bergen tingrett har 44 dømmande årsverk medrekna domstolleiar, og ei samla bemanning på om lag 100 årsverk. Domstolen er organisert i fire dømmande avdelingar og ein avdeling med saksbehandlarar. Domstolen held til i Bergen tinghus
Lønna for tingrettsdommar er per i dag kr. 1 185 000,-.
Frå lønna blir det trekt vanleg pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse, for tida 2 %.
Kvalifikasjonskrav
Søkjarar må ha juridisk embetseksamen/universitetsgraden cand.jur eller master i rettsvitskap. Søkjarar må vere norske statsborgarar. Generell informasjon til søkjarane finn ein på www.domstol.no/innstillingsradet. For kandidatar som blir innstilt krev ein uttømmande politiattest. Arbeidstakaren må utan erstatning finne seg i dei avgjerdene om endring som blir gjort i forretningskrinsen og organiseringa av domstolen. Det kan innebere samanslåing med andre domstolar og eventuelt bortfall av administrative oppgåver. Endring av tittel på grunn av det kan også skje. Omorganisering kan føre til eventuelle endringar som ny kontorstad.
Ytterlegare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:
- Bergen tingrett v/domstolleiar Arne Henriksen, tlf. 55 69 97 00.
- Innstillingsrådet v/sorenskrivar Arnfinn Agnalt, tlf. 69 79 77 00.
- Domstoladministrasjonen v/avd.dir. Solveig Moen, tlf. 73 56 70 00.
Vi ber om at du legg søknad med CV inn i det elektroniske søknadsskjemaet på "Søk denne stilling". Alle attestar og vitnemål skal leggjast ved samla i eitt vedlegg. Vi ber om at du skriv i søknaden kvar du fyrst såg utlysinga.
Etter at søknadsfristen er gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på www.domstol.no/innstillingsradet. I denne samanhengen viser vi til offentleglova § 25, andre leddet når det gjeld vilkåra for å bli utelaten frå søkjarlista.
Søknadsfrist 21. september 2020
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Domstoladministrasjonen - Dommerstillinger
Adresse
Tårnplassen 2, 5012 Bergen
Hjemmeside
Gjennom den sjølvstendige stillinga og den høge faglege kvaliteten er domstolane samfunnet sin fremste konfliktløysar. Domstolane yter hjelp til vern av den einskilde sine rettar. Eit viktig mål for domstolane er å skape tillit blant folket ved forsvarleg, upartisk og effektiv dømande verksemd.
Dommararbeidet stiller strenge krav til fagleg dugleik, personlege eigenskapar og brei yrkes- og livserfaring.
Det er eit sentralt personalpolitisk mål at dei tilsette i domstolane skal ha ein variert erfaringsbakgrunn og spegle befolkningssamansetninga generelt - både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Innstillingsrådet for dommarar avgjer innstilling om dommarutnemningar til Kongen i statsråd, der utnemning skjer.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 22. september 2020
Hentet fra: jobbnorge
Referanse: 192176_Domstoladministrasjonen - Dommerstillinger_jobbnorge
Stillingsnummer: e870147c-ee39-4cf8-b767-f9b98ff31976