Undervisningsstilling Musikk, dans og drama
Org. nr: 816031982 Stillingsident: 4219562467 Presentasjon av stillingen:
Voss gymnas er ein kombinert vidaregåande skule, og har om lag 590 elevar og 90 tilsette. Skulen opna 01. august 2017 i nytt skulebygg med eit stort idrettsanlegg. Skulen tilbyr utdanningsprogramma; Informasjonsteknologi og medieproduksjon, Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign, Sal, service og reiseliv, Helse- og oppvekstfag, Studiespesialisering, Idrett, Toppidrett-ski, Kunst, design og arkitektur og Musikk, dans og drama. Skulen har i tillegg to klassar med Påbygging til generell studiekompetanse og ansvar for Vestland fylkeskommune si klasse i Frankrike.
Arbeidsoppgåver
Voss gymnas har frå 01.08.2020 80% ledige undervisningsstilling på utdanningsprogram for Musikk, dans og drama:
-40% fast stilling.
-40% vikariat til 31.07.2021
Til stillinga ligg undervisning i generelle musikkfag. Song i fagkretsen vert føretrekt.
Skulen ynskjer så langt det let seg gjere å tilsetje i heile stillingar.
Kvalifikasjonar
- Det er ynskjeleg med relevant utdanning frå Universitet/høgskule.
- Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr Opplæringslova.
- Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest
Personlege eigenskapar
Du som vert tilsett må vere målretta og systematisk, set eleven si læring og utvikling fremst. Du er ein tydeleg og støttande leiar i klasserommet, og har evne til å samarbeide, finne fleksible løysingar og du kan motivere elevane til å gjere ein ekstra innsats. Du har vilje til å initiere og ta del i skulen sitt utviklingsarbeid.
Vi tilbyr
- Løn etter kompetanse og ansiennitet
- Kurs- og opplæringstilbod
- Nytt og moderne skulebygg
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Andre opplysningar
- Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
- Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
- Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Knut Brunvoll, avdelingsleiar, 47390280
Arbeidsstad
Gymnasvegen 5
5700 Voss
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4219562467
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.08.2020
Søknadsfrist: 26.04.2020