Dirigent i musikklaget Fjellblom -15,39 % fast stilling
Stillingsannonsen er inaktiv.Vang Kommune
Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres
Org. nr: 961382246 Stillingsident: 4442141194 Presentasjon av stillingen:
Vang kommune har frå 01.01.22 ledig dirigentstilling i musikklaget Fjellblom!
Fjellblom Musikklag er vaksenkorpset i Vang kommune, og består pt. av 23 musikantar.
Korpset har brassband besetning og har sin faste øvingsdag onsdagar frå kl. 19.00 -- 21.30 på Åsvang samfunnshus. Fjellblom Musikklag er ein positiv og sosial gjeng, og er ein viktig aktør i kommunen sitt kulturliv. Gjennom året har korpset fleire konsertar og arrangement som dei deltek på/arrangera. Musikklaget søkjer no etter ein engasjert og dyktig korpsdirigent som kan løfte korpset vidare både musikalsk og sosialt.
Arbeidsoppgaver
DIRIGENT FJELLBLOM MUSIKKLAG i 15,39 % fast stilling.
Korpset har som mål:
- Å skape interesse for god korpsmusikk
- Å arbeide for musikalsk utvikling
- Å skape eit inkluderande og godt sosialt miljø
- Å vera eit godt kulturtilbod i lokalmiljøet
- Å utvikle gleda ved samspel saman med andre
Me søkjer dirigent som kan leie arbeidet mot desse måla, og som også vil arbeide for rekruttering av nye medlemmer.
Kvalifikasjonar
- Relevant 3 årig høgskuleutdanning
- Søkjarar utan formalkompetanse, men med god realkompetanse kan vurderast
- Gode norskkunnskapar
- Gode samarbeidsevner og omgjengeleg
- Personlig eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov -- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Nærare opplysningar om stillinga kan gjevast av kulturskulerektor Oddbjørn Skeie eller leiar Jon Eggen i Fjellblom musikklag tlf. 90186731
Kontaktinformasjon
Oddbjørn Skeie, Rektor kulturskule, 95076539, oddbjorn.skeie@vang.kommune.no
Arbeidssted
Tyinvegen 5161
2975 VANG I VALDRES
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Vang Kommune
Referansenr.:4442141194
Stillingsprosent: 15,39%
Fast
Startdato: 01.01.2022
Søknadsfrist: 14.11.2021
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Vang Kommune
Adresse
2975 Vang i Valdres
«Vestlandsfjell og Austlandsklima» er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv.
Vang kommune er opptatt av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
1. januar 2022
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 15. november 2021
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4442141194_Vang Kommune_webcruiter
Stillingsnummer: e851bdf3-461a-43d0-bdcd-6468eaaaa865