Saksbehandlar
Jobbnorge ID: 183388
Om stillingen
SAKSBEHANDLAR
Ved Haugalandet og Sunnhordland jordskifterett er det ledig 1 fast 100 % stilling som saksbehandlar, med tiltreding så snart som mogleg. Frå før er det ein tilsvarande stilling ved domstolen.
Jordskifteretten har ei rekke interessante utfordringar som gir deg høve til fagleg og personleg utvikling. Kvalifiserte kandidatar blir oppfordra til å søke uavhengig av alder, kjønn, etnisitet og nedsett.
Vi ber om at søknad vedlagt CV og kopi av vitnemål og relevante attestar vert lagt inn i det elektroniske søknadsskjemaet på Jobbnorge.no under <<søk stillingen>>.
Søknadsfrist 09.03.2020.
Arbeidsoppgaver
- administrativt arbeid, økonomi og rekneskap, arkivering, post- og telefonteneste, kundekontakt, andre gjeremål i samband med jordskifterettens oppgåver
Kvalifikasjonskrav
- Du bør ha utdanning på høgskulenivå, alternativt 3-årig vidaregåande skule/fagbrev i kontorfaget og relevant praksis, samt erfaring i bruk av administrativt IKT-verktøy. Vi forutsetter at du er ein initiativrik, serviceinnstilt, sjølvstendig og løysningsorientert medarbeidar. God skriftleg og munnleg framstillingsevne, og evne til samarbeid, er nødvendig i stillingen.List opp kvalifikasjonskrav og eventuelt ønskede personlige egenskaper
Vi tilbyr
- løn etter statens regulativ for konsulent/førstekonsulent kode 1065 / 1408, avhengig av kvalifikasjonar. Frå løna blir det trekt 2 % innskot til god pensjonsordning i Statens pensjonskasse. På tenestereiser vert det utbetalt skyss- og kostgodtgjering etter Statens regulativ.
Spørsmål om stillingen
- Spørsmål om stillinga kan rettast til jordskifterettsleiar Oddmund Roalkvam, tlf. 90920731, e-post oddmund.roalkvam@domstol.no.
- For ytterlegare opplysningar om jordskiftedomstolane, sjå www.jordskifte.no
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Jordskifteretten er ein særdomstol som arbeider med saker heimla i jordskiftelova. Arbeidsoppgåvene er i hovudsak omforming av eigedomar, klarlegging av rettsforhold til fast eigedom og fastlegging av eigedomsgrenser. Landet er delt inn i 34 jordskifterettar med til saman ca. 250 tilsette. Administrativt er jordskifterettane underlagt Domstoladministrasjonen (DA) i Trondheim. Jordskifterettane ynskjer å vere utviklingsorienterte, blant anna gjennom breidde og mangfald i arbeidsmiljøet slik at medarbeidarane skal kunne utvikle seg både fagleg og personleg.
Haugalandet og Sunnhordland jordskifterett på Stord har 11 tilsette. Jordskifteretten omfattar 15 kommunar. Dette er Bokn, Bømlo, Etne, Fitjar, Haugesund, Karmøy, Kvinnherad, Sauda, Stord, Suldal, Sveio, Tysnes, Tysvær, Utsira og Vindafjord.