Einingsleiar - Barn og famile
Omtale av stillinga
Eining Barn og famile søkjar leiar i 100% fast stilling med oppstart 1. oktober 2020. Dette er ei spanade leiarstilling i eit tverrfagleg miljø med mange gode kollegaer i flotte nye lokaler i Husnes sentrum.
Eininga omfattar forebyggande tenester for barn og unge og arbeider for ein betre tverrfagleg innsats (BTI), slik at kvart einskild barn og familie får ein raskare og profesjonell samhandling mellom tenestene.
Det er fire avdelingar i eininga, PPT, Barneverntenesta, Tiltak og tenester og Helsestasjon med jordmor og skulehelsetenesta.
Vi søkjer ein person som er engasjert og framoverlent og som vil vera med å utvikla eininga.
Stillinga som einingsleiar rapporterer direkte til sektorleiar for oppvekst.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå høgskule/universitet.
- Ynskjeleg med leiarutdanning og eventuell relevant vidareutdanning.
- Leiarerfaring
- Kompetanse innafor førebyggande arbeid med barn
- Erfaring med veiledning
- Erfaring frå prosjektarbeid
Arbeidsoppgåver
- Ta initiativ til og ha overordna ansvar for framdift i fagleg utviklingsarbeid.
- Styrka og formalisera det tverrfaglege arbeidet rundt barn, unge og deira familiar (BTI)
- Sjølvstendig økonomiansvar innafor tildelt ramme
- Overordna personal- og fagansvar
Vi søkjer leiar som har:
- Gode evne til samarbeid og organisering
- Evne til å sjå heilskap og samanhengar
- Eit positivt barnesyn
- Interesse for utviklings- og endringsarbeid og klare målsetjingar
- Støttar, veileder og stiller krav
- Skaper gode arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Spanande og utfordrande oppgåver
- Ein god arbeidsplass der det er mogleg med med personelg og fagleg utvikling
- Lønn og vilkår etter avtale
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.