Overingeniør IT-drift - st. nr. 42/2020
Jobbnorge ID: 190490
Om stillinga
Høgskulen i Volda har ledig ei heil fast stilling som overingeniør IT-drift. Stillinga er knytt til IT i Fellesadministrasjonen, som har ansvar for drift av høgskulen sine sentrale IT-løysningar. IT har 10 faste tilsette og 3 lærlingar.
Kvalifikasjonar
Søkjaren må ha ingeniørutdanning eller utdanning på bachelornivå innan relevant fagområde. Omfattande og relevant praksis og/eller relevant tilleggsutdanning kan i særskilde tilfelle kompensere kravet om utdanning på bachelornivå. Søkjaren må ha relevant IT-fagleg bakgrunn.
Ønska kvalifikasjonar
Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid med:
. Drift av Micosoft- og Linuxserver
. Drift av Cisco nettverk
. Active Directory, eDirectory og LDAP
. Microsoft Exchange Online
. PowerShell m.a.
Det er også ønskeleg at søkjaren har minimum 4 års erfaring frå drift av større infrastruktur, skytenester og virtuelle servermiljø.
Det vil vere ein fordel med kjennskap til universitets- eller høgskulesystemet. Vi legg vekt på gode norsk- og engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Søkjaren bør ha god evne til samarbeid, fleksibilitet og kommunikasjon, vere kreativ og løysingsorientert og opptatt av å yte sørvis. Ein må kunne arbeide både sjølvstendig og i team. Ved vurdering av søkjarane vil dei personlege eigenskapane bli vektlagt.
Arbeidsoppgåver
. Microsoft serverdrift
. Linux serverdrift
. Nettverksdrift
. Informasjonssikkerheit
. Scripting og automatisering av oppgåver
Arbeidsoppgåvene kan verte endra.
Vi tilbyr
Eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.
Løn etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodene ved Høgskulen i Volda: Overingeniør 1087 frå kr 488 000 - 615 900.
Generell informasjon
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av for eksempel alder, kjønn, funksjonsnedsettelse, hol i CV, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi gjer søkjarar som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV merksam på at denne opplysinga kan verte brukt til statistikkføremål knytt til regjeringa sin inkluderingsdugnad.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
I samsvar med Offentleglovas § 25 kan søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må under «søknad» hake av for «Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetsloven» samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.
Om søknaden
Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk igjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge der du registrerer søknaden, vedlegg og informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du oppgir referansar med kontaktinformasjon. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg postgang til høgskulen.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk i Jobbnorge. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PNG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.
Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
- vitnemål og attestar
- CV
Kontakt
Spørsmål kan rettast til IT-sjef Stig Flåskjer, tlf. 70 07 51 67/ 908 26 198 eller til personalsjef Randi Urke, tlf. 70 07 50 40.
Kva er det beste med Volda?
Studentar og bygdefolk fortel kva dei synest er det beste med Volda. Produksjon: Chris-Håvard Berge
Video: https://www.youtube.com/watch?v=61Me2JOrMgQ
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 350 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.