Miljøterapeut / spesialutdanna miljøterapeut
Telemark og Vestfold ungdomshjem, avdeling Miljøheimen søkjer etter miljøterapeutar / spesialutdanna miljøterapeutar.
På Miljøheimen er me på andre året inne i ein spanande periode med implementering av Omsorgs- og endringsmodellen. Dette inneber eit standardisert forløp i omsorgsinstitusjonane. Alle fast tilsette må forplikte seg til eit opplæringsløp i Omsorgs- og endringsmodellen/Dialektisk atferdsterapi(DBT) som er eit berande prinsipp for det metodiske arbeidet. Som ein del av vår traumebevisste tilnærming og forståelsesramme ynskjer me å legge til rette for at ungdommane på ein meir effektiv måte kan tileigne seg hensiktsmessige ferdigheiter og strategiar for å meistre livet sitt. Gjennom manualstyrte grupper arbeider me saman med ungdommane med emosjonsregulering gjennom mindfulness (oppmerksamt nærvær), trening på mellommenneskelege ferdigheiter og forståing av kva som ligg bak uhensiktsmessige uttrykk og atferd. Traumebevisst omsorg (TBO) som forståelsesramme kjem til syne i måten me møter ungdommane på. Kunnskap om samansatte vanskar og komplekse traumer vesentleg i målgruppa vi jobbar med. På grunn av personalsamansetning oppmodar vi menn til å søkje.
Me har ledig ei 100 % fast stilling i turnus, dag / kveld / natt, og ei stilling 75% fast natt. Stillingane er ledig frå 01.05.21. Arbeidet er etter einkvar tids gjeldande turnus. For 100 % stillingar er turnusen p.t. tredelt med arbeid kvar fjerde helg. For 75 % stilling natt er turnusen p.t. med arbeid kvar tredje helg. Det takast forbehald om endring av arbeidsoppgåver og turnus ved organisatoriske endringar. Ved tilsetting internt vil det kunne bli ledig andre stillingar.
Arbeidsoppgåver/ansvarsområder
- Lojalitet til avdelinga si tilnærming, metode og prinsipp.
- Utgreiing og kartleggingsarbeid med standardiserte verktøy.
- Utøve god omsorg og grensesetting ut frå eit traumebevisst perspektiv.
- Deltaking i fagleg arbeid og utvikling.
- Sette seg inn i, og holde seg oppdatert på målsettingar, tiltak, planar og rutiner.
- Familie- og nettverksarbeid.
- Deltaking i ferdigheitsgrupper.
- Miljøterapeutisk arbeid.
- Praktisk arbeid i avdelinga.
Kvalifikasjonskrav
- Minimum treårig relevant høgskuleutdanning, gjennomført bachelor eller tilsvarande 180 studiepoeng. For tilsetting i SKO 1494, 1495 og 1508 krevast fullført utdanning som sosionom, barnevernpedagog eller vernepleiar.
- Sykepleiar med vidareutdanning i psykisk helse, lærar med spesialpedagogikk. Andre med annan relevant 3-årig høgskuleutdanning kan også søkje.
- Det er ønskeleg med vidareutdanning i familiearbeid. Erfaring innan institusjonsarbeid med ungdom eller anna relevant helse- eller sosialfagleg arbeid.
- Førekort klasse B.
- Gode IKT kunnskapar.
- Gode skriftlege og muntlege norskferdigheiter.
- Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Personlege eigenskapar
- Du likar å arbeide i team, der miljøterapi er hovudfokus.
- Du har evne til å arbeide strukturert, sjølvstendig, målretta og løysingsfokusert.
- Du har god evne til å kommunisere både med ungdom og vaksne.
- Du har evne til å motivere medarbeidarar og ungdommar.
- Du er i stand til å ta i mot veiledning.
- Du er i stand til å handtere situasjonar med stress.
- Du har evne til omsorg og empati.
Me tilbyr
- Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1534 som spesialutdanna miljøterapeut, kode 1185 spesialutdannet sosionom, kode 1509 spesialutdannet vernepleier, kode 1510 spesialutdannet barnevernspedagog i lønsramme 18, alternativ 5-11 med løn frå p.t. kr 456 400 pr. år - kr 563 700 (ltr 51-63), eller stillingskode 1489 som miljøterapeut, 1494 somsosionom, 1495 barnevernspedagog, 1508 vernepleiar i lønsramme 15, alternativ 5-11, med løn frå p.t. kr 386 200 - kr 523 200 pr. år (ltr 40-59). For tilsetting som spesialutdanna miljøterapeut krevast relevant vidareutdanning minimum 60 studiepoeng. Løn og stillingskode vurderast etter utdanning og erfaring. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om boliglån til konkurransedyktige betingelsar, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Vårt menneskesyn kjem til syne ved at
- Me tror på at alle menneske har like stor verdi og er like verdifulle.
- Vår oppgåve blir å tåle den enkeltes atferdsuttrykk, romme det enkelte individet og bidra til deira vekst igjennom positiv endring og utvikling.
- Me møter mennesket der det er.
- Me har eit grunnleggjande positivt menneskesyn.
- Me har tru på at kvart enkelt menneske er unikt og må møtast ut frå eigne behov.
- Me har tru på at mennesket fyrst og fremst er ekspert på seg sjølv og har ibuande ressursar som kan bidra til positiv endring.
- Me trur at mennesket utviklar seg i samspel med omgivelsane sine.
- Me trur at mennesket må vera deltakar i eige liv.
Til deg som søker
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgavene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmoder vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velge ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Telemark og Vestfold ungdomshjem, avd. Miljøheimen.
- Politiattest vil krevas ved tiltreding, jf. lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje legges ved søknaden. Prøvetid på 6 måneder.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlige søkerlisten. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Kontaktinformasjon
Avdelingsleiar Hjørdis R. Saupstad, mobil: 466 18 245 eller epost: hjordisr.saupstad@bufetat.no
Miljøterapeut/stedfortredar Tom Erik Homme, mobil: 466 18 251 eller epost: tom-erik.homme@bufetat.no
Søknad med CV sendast elektronisk via link på denne siden
Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit eventuelt intervju.
Om bedriften
Om Bufetat
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regioner og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagt Barne- og familiedepartementet.
Bufetat, region sør dekker Agder, Vestfold og Telemark samt tidligere Buskerud fylke. Regionkontoret ligger i Tønsberg.
Bufetat Telemark og Vestfold ungdomshjem har administrasjonsstad i Tønsberg. Enheten består av 3 institusjonsavdelinger med 16 heildøgnsplassar og 45 tilsette. Målgruppa er ungdom mellom 13 og 18 år som er plassert etter Lov om barneverntjenester. Eininga legg vekt på samarbeid med og involvering av ungdommen og familien deira. Avdeling Miljøheimen er en barnevernsinstitusjon med 6 plasser, og er lokalisert i Åmot, Vinje kommune.