Ferievikar /ekstrahjelp
Stillingsannonsen er inaktiv.Seksjon eigedom - Reinhald
Ripateigane 6, 6150 Ørsta
Org. nr: 939461450 Stillingsident: 4191301176 Presentasjon av stillingen:
Vi søkjer etter ferievikar / ekstrahjelp som reinhaldar i perioden mai -- august 2020 ved Hjørundfjordheimen, Vartdal Helsetun og Ørstaheimen.
Andre bygg som rådhuset, Ørsta kulturhus og barnehagar kan også vere aktuelle.
Skriv i søknaden kva arbeidsstadar du ynskjer og kva periode du kan arbeide.
Det er særleg behov for deg som kan arbeide i vekene 27-33. Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte.
Arbeidsoppgåver
Dagleg og periodisk reinhald i kommunale bygg
Kvalifikasjonar
Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha gode evner til samarbeid
Du må ha god ordenssans
Du må snakke og forstå norsk
Godkjent politiattest må leggast fram ved tilsetting i barnehage/skule
Personlege eigenskapar
Vi ber deg skrive i søknaden litt om deg sjølv og når i perioden du kan arbeide.
Vi tilbyr
Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag og eit godt kollegium, møte mange nye menneske og får med deg ei god arbeidserfaring vidare i arbeidslivet.
Om du ikkje bur i Ørsta, kjem du i tillegg til ei nynorskbygd i hjartet av Sunnmørsalpane med eit mangfald av flotte turmål.
Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Innsending av vitnemål og attestar gir grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn
Løn i samsvar med gjeldande minstelønstabell for kap 4GR1
Referansar vil verte nytta
Kontaktinformasjon
Agnieszka Papierska, Einingsleiar reinhald, 950 46369, agnieszka.papierska@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Ripateigane 6
6150 Ørsta
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Ørsta kommune
Referansenr.:4191301176
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 01.04.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Seksjon eigedom - Reinhald
Adresse
Dalevegen 6, 6153 Ørsta
Ørsta kommune er med om lag 10 900 innbyggjarar den 4. største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv med mange kompetansearbeidsplassar. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Frå flyplassen har vi fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 2. april 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4191301176_Seksjon eigedom - Reinhald_webcruiter
Stillingsnummer: e7fbeed0-dc98-487f-91f0-1f1755f88752