Miljøterapeut ved lærings- og aktivitetssenteret (LA-senteret)
Stillingsannonsen er inaktiv.Arbeid og velferd (NAV), Nordfjordeid
LA-bygget, 6770 Nordfjordeid
Org. nr: - Stillingsident: 4260521931 Presentasjon av stillingen:
Stad kommune har ledig fast stilling i 100 % som miljøterapeut ved Lærings- og aktivitetssenteret (LA-senteret). Stillinga er ledig frå snarast.
Målet til LA-senteret er å samordne aktivitetstilbod med låg terskel for deltaking for fleire brukargrupper i alderen 16-67 år som er utanfor det ordinære arbeidslivet. LA-senteret høyrer til i LA-bygget på Langeland, Nordfjordeid. Senteret deler lokale med eininga Opplæring og integrering i Stad kommune, og med attføringsverksemda In Via. LA-senteret er organisert under eininga Arbeid og velferd (NAV) i Stad.
Vi søkjer etter ein person som saman med leiar og andre kollegaer kan vidareføre og utvikle LA-senteret som ein arena for aktivitet og læring for brukarar med ulik kompetanse, interesser, ønskjer og behov for bistand og rettleiing. Senteret skal fremje trivsel, sosialt fellesskap, tryggleik, respekt og meistring og samarbeide tett om desse målsetjingane med brukarane sjølve, pårørande, frivillige, næringslivet og andre kommunale tenestetilbod.
Arbeidsoppgåver
- Organisere gode og meiningsfulle aktivitetar i produksjonshall, kantine, arbeidsverkstad og BUA (utlån av fritidsutstyr) i samarbeid med fagleiar og andre tilsette
- Medverke til aktivitet og læring gjennom samarbeid med næringslivet og frivillige organisasjonar og andre
- Motivere, rettleie og støtte brukarane til å delta på aktivitetane
Kvalifikasjonar
- Primært ønskjer vi søkjarar med relevant utdanning på høgskulenivå som helse- og/eller sosialfagleg utdanning, pedagogikk eller utdanning i kunst- og handverksfag.
- Fagarbeidarar innan t.d. helsefag, snekkarfaget eller kokkefaget med erfaring med menneske med funksjonsnedsetting kan også søkje. Erfaring og personlege eigenskapar kan vege opp for kravet om høgskuleutdanning.
- Den som vert tilsett må ha både kunnskap om og interesse for ulike kreative aktivitetar og handarbeid
- Du har gjerne erfaring frå liknande arbeid ved dagsenter, lærings- og aktivitetssenter eller frivillig arbeid
- Stillinga krev kompetanse om korleis ein kan motivere, lære og skape gode aktivitetar for dei som har arbeidsdagen sin på LA-senteret. Det er ei stilling som fagleg kan vere vanskeleg å plassere og som kan passe for fleire utdanningsgrupper. Dei rette personlege eigenskapane vil derfor vere viktig i denne rekrutteringa.
- For stillingskode som miljøterapeut er det krav om relevant, treårig høgskuleutdanning
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og god kommunikasjon skriftleg og munnleg
- Trivast med å arbeide saman med andre mot eit felles mål
- Evne til å motivere andre menneske
- Personlege eigenskapar og evne til å ta initiativ vil bli vektlagd
Vi tilbyr
- Høve til å forme gode jobb- og læringsaktivitetar
- Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver
- God pensjons- og forsikringsordningarLøn etter kommunale vilkår
- Dagarbeidstid frå kl. 08.00 -15.30 måndag til fredag
- Senteret stenger jul, påske og fire veker om sommaren
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Politiattest skal leverast før start i stillinga.
Vi gjer merksame på at etter §25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar opmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. oppmoding om unnatak må grunngjevast.
For nærare opplysningar, ta kontakt med leiar Bodil Førde eller fagleiar Jannike Sundal.
Kontaktinformasjon
Jannike Sundal, fagleiar lærings- og aktivitetssenterett, jannike.sundal@stad.kommune.no
Bodil Førde, einingsleiar arbeid og velferd (NAV), 90 58 69 13
Arbeidsstad
LA-bygget
6770 Nordfjordeid
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Stad kommune
Referansenr.:4260521931
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.08.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Arbeid og velferd (NAV), Nordfjordeid
Adresse
Langelandsåsen 23, 6770 Nordfjordeid
Stad kommune har om lag 9 500 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad og Bryggja vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit spanande næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 24. august 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4260521931_Arbeid og velferd (NAV), Nordfjordeid_webcruiter
Stillingsnummer: e7cbd511-731c-4281-8b60-50be40f4edfc