Lærarar, fast stilling og vikariat
Det er ledig inntil tre stillingar som lærar for fast tilsetting og vikariat i Vanylven kommune frå 01.08.2019.
Stillings-ID 593
Søknadsfrist: 10. mars 2019 Publisert12.02.2019 13.16 Sist endra12.02.2019 14.03 Vanylven kommune arbeider med fagfornyinga med fokus på sosialkompetanse og lesing skuleåret 2019 - 2020. Vi har fokus på mestring, utvikling, erfaringsdeling og samarbeid mellom skulane våre. Vi ønskjer tilsette med god klasseleiing, samarbeidsevne, god fagleg kompetanse og evne til å være med å skape ein felles skule i utvikling.
Grunnskulane i Vanylven treng lærarar med godkjent kompetanse for dei ulike trinna, og då særleg fagkompetanse innan spesialpedagogikk, musikk, kroppsøving, engelsk, matematikk og norsk.
Kommunen har tre grunnskular; Myklebust skule, Fiskå skule og Åheim skule. Meir informasjon om skulane våre finn du på heimesidene til skulane: https://www.vanylven.kommune.no/kultur-og-oppvekst/
Krav og ynskje til stillingane:
- allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning 1-7 eller 5-10
- ønskjeleg med minimum 30/60 studiepoeng i basisfag
- anna relevant utdanning
- ønskjeleg med erfaring frå læraryrket
- god pedagogisk digital kompetanse
- personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi søkjer deg som er:
- utviklings- og løysingsorientert
- ein klar og tydelig klasseleder
- god til å tenkje heilskapleg rundt barns oppvekstmiljø
- omgjengelig, initiativrik og fleksibel
- flink til å planlegge og gjennomføre undervisning
- god på vurderingspraksis som fremjar elevane si læring
- bidragsyter til eit godt arbeidsmiljø
Opplysningar om stillingane får du med kommunalsjef Frode Vik, frode.vik@vanylven.kommune.no, tlf. 70030005/99288600.
Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. Som tilflyttar til Vanylven kommune kan du få nedbetalt studielån med 15% per år i arbeid, maks 28 000,- per år etter nærare retningslinjer. Er du nyutdanna vil du også starte med 4 års ansiennitet. I tillegg har vi gode pensjonsordningar. Søknad skal sendast på kommunen sitt søknadsskjema. CV skal fyllast inn i søknaden. Gjer vel å oppgje referansar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.