Fast stilling som seniorrådgjevar i helserettsavdelinga
Jobbnorge ID: 192764
Mangfold og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet
Vi er opptekne av mangfald, og ønskjer å vere ein arbeidsplass som speglar folket. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg arbeidstilhøva til rette om det trengst.
Gjev du til kjenne at du har innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, kan opplysningane du gjev, brukast til statistikkformål.
Om avdelinga og stillinga
Stillinga er lagd til avdeling for helserett. Avdelinga har ansvar for utvikling, forenkling og samordning av regelverk innanfor departementet sitt ansvarsområde. Dette gjeld mellom anna helsepersonellova, spesialisthelsetenestelova, helse- og omsorgstenestelova, helseføretakslova, pasient- og brukarrettslova, pasientskadelova, lov om psykisk helsevern og helsetilsynslova. Avdelinga har òg ansvar for å identifisere og setje i gang forenklings- og utviklingsprosjekt på helserettsområdet, utvikle lik praksis i lovarbeid og vere kompetanse- og ressursavdeling for dei andre avdelingane i lovarbeidet til departementet.
Hovudoppgåva til avdelinga er lov- og forskriftsarbeid. Arbeidet er utfordrande, og vi legg stor vekt på høg fagleg kvalitet, sjølvstende, kunnskapsdeling og gode arbeidstilhøve for den enkelte.
Avdelinga treng å styrkje arbeidet med regelverket for tilsyn med helse- og omsorgstenesta, og lyser ut ei ledig stilling som seniorrådgjevar.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- Juridisk embetseksamen/mastergrad i rettsvitskap
- Relevant erfaring frå arbeid i offentleg forvaltning og med lovutgreiingar
- Evne til å samarbeide på tvers av profesjonar og avdelingar
- God munnleg og skriftleg formuleringsevne
- Evne til å arbeide effektivt under stramme tidsfristar
Det blir lagt stor vekt på erfaring frå tilsyn med helse- og omsorgstenesta.
Vi tilbyr
- Eit spennande arbeidsområde
- Fem veker ferie
- Fleksitidordning
- Gode velferdsordningar
Les meir om å jobbe hos HOD her: Jobbe i Helse- og omsorgsdepartementet
Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.
Løn: kr 650 000-730 000 avhengig av kvalifikasjonar og erfaring.
2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.
Vil du vite meir?
Fleire opplysningar får du ved avdelingsdirektør Geir Helgeland, tlf. 22 24 84 33 / 901 31 202.
Slik søkjer du
Send søknad elektronisk via lenka "Søk stillinga" nedst på sida til JobbNorge.no.
Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV.
Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.
Unntak fra offentlig søkerliste
I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Departementet har ansvar for folkehelsepolitikken og primærhelse- og spesialisthelsetenesta, medrekna e-helse, helserett og eigarskapsforvaltning av helseføretaka.
Departementet har ca. 220 tilsette.