Jordmor 50 %
I tenesteområdet helse og sosial er det ledig 50% vikariat frå 1.5.2019 til 1.8.2020.
Jordmortenesta består i dag av tre personar. Jordmødrene har eige fagteam for å sikra fagleg utvikling og kvalitet i tensta.
Ansvarsområde
Svangerskapsomsorga.
Kvalifikasjoner
- autorisasjon som jordmor
- erfaring frå svangerskapsomsorga eller barselomsorg
- beherska norsk og engelsk skriftleg og munnleg
- ha grunnleggjande datakunnskap, eller vere villig til å lære dette
- ha førarkort for bil
Personlige egenskaper
- kunne arbeida sjølvstendig og målretta
- endringsvillig
Personlege eigenskapar vert lagt vekt på.
Nærare opplysingar kan du få ved å kontakte leiar Linn Økland, mob. 993 98 645.
Politiattest
Politiattest nyare enn tre månader må leverast før start i stilling.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.
Søknad
Hå kommune oppfordrar alle til søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt med lonn@ha.kommune.no viss du har problem med innlogginga.
Om bedriften
Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutt med tog frå Stavanger. Kommunen har 18 500 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finn ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er "Me løfter i lag". Våre verdiar er Open, Driftig og Stolt. Me ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar!