Kommunalsjef helse og omsorg
Stillingsannonsen er inaktiv.Sykkylven kommune
Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven
Org. nr: 964 980 365 Stillingsident: 4373751249 Presentasjon av stillingen:
Vi har ledig 100 % fast stilling som kommunalsjef.
Er du ein handlekraftig og resultatorientert leiar som ønskjer å arbeide for utvikling i helse - og omsorgssektoren?
Vi søkjer ein strategisk, strukturert og tydeleg leiar med evne til å skape oppslutning og motivasjon både internt og eksternt.
Stillinga er organisert i kommuneleiinga. Denne består av kommunedirektør, to kommunalsjefar og økonomisjef
Arbeidsoppgåver
Kommunalsjefane har eit særleg ansvar for oppfølging av resultateiningane og har saman med kommunedirektøren eit strategisk og overordna leiaransvar.
Den nye kommunalsjefen vil ha eit særleg ansvar for einingane innanfor helse/sosial/omsorg; her under:
- Heimetenestene
- Sykkylven bu -- og aktivitetssenter
- Bu -- og rehabiliteringstenestene
- Tenestekontoret
- NAV
- Legetenesta
- Barne -- og familietenestene
Kommunen vil til ei kvar tid arbeide vidare med å utvikle organisasjonen og heile kommuneleiinga tek del i utvikling av nye arbeidsmåtar og nye verktøy for styring og oppfølging. Dette inneber mellom anna at arbeids - og ansvarsoppgåver kan verte endra.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning frå universitet og/eller høgskule, helst med fleire av følgjande fagområde: helse/sosialfag, jus, leiing og økonomi
- Det er ønskjeleg med helsefagleg kompetanse og erfaring
- Leiarerfaring frå offentleg og/eller privat verksemd
- God kjennskap til offentleg forvaltning
- Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner
Personlege eigenskapar
- Handlekraftig og resultatorientert
- Evne til nytenking og tverrfagleg kompetanse er viktige eigenskapar for stillinga, og kommunalsjefen bør ha forståelse for samspelet mellom politikk og administrasjon.
- Gode evner til å takle press frå ulike interessegrupper
- Trygg i møte med media
- Strategisk og utviklingsorientert
- Gode samarbeidsevner
- Utadvendt og med evne til å motivere og inspirere sine medarbeidarar samt skape tillit
Vi tilbyr
Tilsetting på vanlege kommunale vilkår:
- Konkurransedyktig løn
- Obligatorisk tenestepensjonsordning
- Gunstige låneordningar
- Gode forsikringsordningar
Søknad
Sykkylven kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad.
Rettkjende kopiar av attestar og vitnemål må leggast fram ved ev. intervju eller tilsetting.
Kontaktinformasjon
Geir Ove Vegsund, kommunedirektør, 90938465, geir.ove.vegsund@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Kyrkjevegen 62
6230 Sykkylven
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sykkylven kommune
Referansenr.:4373751249
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.05.2021
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Sykkylven kommune
Adresse
6230 Sykkylven
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er bygda sin visjon.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 9. mai 2021
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4373751249_Sykkylven kommune_webcruiter
Stillingsnummer: e797fd8d-02d0-4a73-b8bd-665f1fbbd868