ID 1849 Sjukepleiar - Stord sjukeheim
Stord sjukeheim har i dag 115 pasientar fordelt på 6 avdelingar. Ledig stilling er i avdeling Bergtun. Bergtun er ei avdeling med 8 leilighetar med heildøgns omsorg. Stilling med turnus i avdeling Bergtun er på 70%, men stillinga kan byggast opp til inntil 100% med vakter i sjukeheimen sin vikarstab.
Ved sjukeheimen arbeider me for å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning og eit godt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande.
Stord sjukeheim har ledige fast stilling som autorisert sjukepleiar i 70 -- 100 % stilling frå 16.05.22. Stillinga er i turnus dag/kveld med arbeid kvar tredje helg.
Som sjukepleiar har du ansvar for dagleg utføring av sjukepleiarprosedyrar, dokumentasjon, pleie og behandling til kvar einskild pasient. Me ynskjer å knytte til oss ein sjukepleiar med erfaring frå eldreomsorg og/eller interesse for dette.
Kvalifikasjonskrav:
- Autorisert sjukepleiar.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Avdelingssjukepleiar Marianne Leth Lups, tlf 53 45 43 73 eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 97 55 20 97
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.