Undervisningsstillingar - faste stillingar - Tresfjord oppvekstsenter
Stillingstype
Vi har ledig inntil 150 % fast lærarstilling med undervisning på både småskule- og mellomsteg ved Tresfjord skule/oppvekstsenter. Den eine stillinga er 100 % stilling, den andre stillinga er 50 % stilling. Stillingane er ledig med atterhald knytt til ev. strukturendring og endringar elles i organisasjonen.
Arbeidsoppgåver
- kontaktlæraransvar
- undervisning og rettleiing av elevar
- vurderingsarbeid vert lagt vekt på gjennom ulike former for elevvurdering
- sjå elevane si deltaking i sosiale og kulturelle aktivitetar som del av læringsmiljøet
- tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar
- samarbeid med elevar, føresette og kollegaer
Kvalifikasjonar
- ha fagleg og pedagogisk utdanning for stillinga
- kompetanse til å undervise norsk og matematikk på mellomsteget
- kunne bruke IKT som ein naturleg del av undervisninga
- det er også ønskjeleg med kompetanse innan eit eller fleire av desse områda:
kroppsøving, musikk, kunst og handverk og/eller spesialpedagogikk - beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- ha gode kommunikasjonsevne
Personlege eigenskapar
- kan jobbe sjølvstendig og strukturert
- er opptatt av barn og unge si læring og utvikling
- kan rettleie elevane til godt læringsutbytte
- har fokus på klasseleiing og er god på kommunikasjon
- opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen for elevane
- er løysingsfokusert og utviklingsorientert
- er fleksibel, omgjengeleg og har gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- ein arbeidsplass med fokus på utvikling
- løn i høve gjeldande avtaleverk
- tilsette med relevant fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet,
begynnarløna vert med 4 års ansiennitet - kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referansar
Oppgi referansar
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentliggjort.
Om bedriften
Tresfjord skule er ein del av Tresfjord oppvekstsenter og ligg ca ei mil frå Helland sentrum. Vi er ein fådelt skule med om lag 30 elevar frå 1.-7.klasse. Skulen vart ombygd i 2003 og har lyse og trivelege rom. Skulen er samlokalisert med SFO og barnehage, og disponerer gymsal og skulekjøkken. Uteområdet er er romsleg og godt med god plass til både barnehageungar og skuleelevar. Skulen ligg nært både sjø og skog, og vegen er kort til gapahuken oppe ved skogen.