Førstekonsulent
Org. nr: - Stillingsident: 4190477962 Presentasjon av stillingen:
Avdeling for skipsregistrene er eit viktig ledd i den offentlege kontrollen med skip og har ansvar for Norsk Internasjonalt Skipsregister (NIS) og Norsk Ordinært Skipsregister (NOR), inkludert Skipsbyggingsregisteret (BYGG).
Avdelinga sikrar rettsvern for registrerte rettigheiter i skip. Vi har no ledig stilling som førstekonsulent.
Arbeidsoppgaver
- Merkantilt arbeid
- Sentralbord
- Sakshandsaming
- Fagleg rettleiing
- Prosjektarbeid
Kvalifikasjoner
- Grad frå universitet eller høgskule innan relevant fagkrins
- Brei og relevant erfaring kan i særskilde tilfelle kompenser for manglande formell utdanning
- God kunnskap i engelsk, skriftleg og munnleg
- Erfaring frå fagområdet vil vere ein fordel
Personlige egenskaper
- Du er effektiv og har stor arbeidskapasitet
- Du arbeider målretta og resultatorientert
- Du yter god service og samarbeider godt med andre
- Du trivest i eit travelt miljø med korte tidsfristar
- Vi vektlegg om søkar er personleg eigna for stillinga
Vi tilbyr
Eit godt og utviklande arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver og kontakt med den maritime næringa. Fleksibel arbeidstid og gode vilkår i Statens Pensjonskasse. Stillinga vert lønna som førstekonsulent i stillingskode 1408/lønsramme 21.
For meir informasjon om kva Sjøfartsdirektoratet kan tilby, sjå under "Jobb hos oss" på våre nettsider. Sjøfartsdirektoratet er oppteken av mangfald og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar om å søke jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsgrad, hol i CV, nasjonal- eller etnisk bakgrunn. Vi er IA-bedrift og kan tilrettelegge for søkarar med særskilde behov.
Kontaktinformasjon
Ole Johannes Kamlund, fung. avdelingsdirektør, 48159176, ojk@sdir.no
Arbeidssted
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Sjøfartsdirektoratet
Referansenr.:4190477962
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.02.2020
Om bedriften
Sjøfartsdirektoratet er ein viktig og sentral aktør som skal ivareta og leggje til rette for utvikling av maritim verksemd. Vi tilbyr konkurransedyktige tenester og er anerkjende for vår kompetanse i den maritime klynga. Vårt overordna mål er å vere den føretrekte maritime administrasjonen.
Det er om lag 350 tilsette i Sjøfartsdirektoratet. Hovudkontoret ligg i Haugesund medan Avdeling for skipsregistrene ligg i Bergen.