Klinisk ernæringsfysiolog
Fast 100 % stilling frå 01.04.2020.
Arbeidsstad:
50 % dagavdeling Moa/Ålesund
50 % døgnavdeling Valldal
Alternativt:
50 % fast stilling dagavdeling Moa/Ålesund
Muritunet gjev etter avtale med Helse Midt-Norge RHF eit tverrfagleg spesialisert rehabiliteringstilbod til pasientar med hjarte- og lungesjukdommar, kreft, sjukeleg overvekt (ungdom og vaksne), muskel- og skjelettsjukdommar, kroniske muskel- og blautdelssmertar, samt eit arbeidsretta rehabiliteringstilbod.
Kvalifikasjonar
* Utdanna klinisk ernæringsfysiolog
* Ønskelig med arbeidserfaring innan fagfeltet, men nyutdanna blir og oppfordra til å søke
* Ønskelig med erfaring innan tverrfaglig teamarbeid
* Personlige eigenskapar som godt humør, positivitet, fleksibilitet og evne til samarbeid/teamarbeid blir vektlagt.
* Du må trivast i eit tidvis hektisk og engasjert miljø, og bidra med utvikling innan ditt fagområde
* Kunne tenke nytt, vere løysingsorientert ifht. konsept-utvikling
Arbeidsoppgåver
* Individuell og gruppebasert kostrettleiing til våre pasientar teoretisk og praktisk
* Internundervisning av helse- og kjøkkenpersonell
* Utarbeide informasjonsmateriell
* Fag- og konseptutvikling
* Dokumentasjon
* Deltaking i team, teamarbeid
Nærare informasjon kan De få ved å ta kontakt med rehabiliteringssjef Heidi Toreli Sylte tlf: 70258406/ 41518291.
Lønn etter avtale.
Søknad må sendast innan 5. februar 2020, vedlagt rettkjend kopi av attestar og vitnemål.
til: MURITUNET AS, v/ Heidi Toreli Sylte,Muritunet AS
Grandegata 58, 6210 Valldal - Tlf. 70 25 83 00 - post@muritunet.no
Om bedriften
Muritunet er lokalisert i Valldal ved fjorden nær bygdesentrum. Frå 1.1.2018 har Muritunet også etablert dagavdeling og poliklinikk på Moa, i Daaeskogen vis-a-vis Moa kjøpesenter og Circle K.
Du kan lese mer om oss her