Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4193181077 Presentasjon av stillingen:
Vil DU bli vår nye kollega?
Klinikk for psykisk helse og rus - Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre - Seksjon for alderspsykiatri Sunnmøre:
Ynskjer du å vere med å utvikle fagfeltet alderspsykiatri saman med oss?
Vi har ledig ei fast stilling for spesialsjukepleiar i 100 % stilling og to stillingar for sjukepleiar i vikariat i 100 %. Ved interne rokkeringar kan og andre stillingar verte ledig.
Fast stilling som spesialsjukepleiar 100 % i todelt- turnus frå 09.03.20 (arbeid kvar 3. helg).
Vikariat for sjukepleiar i 100 % frå 23.03.20- 20.09.20. (arbeid kvar 3. helg).
Vikariat som sjukepleiar 100 % i todelt- turnus frå 09.03.20- 31.08.20. (arbeid kvar 3. helg).
Med mulegheit for forlenging i vikariat.
Alderspsykiatri i Helse Møre og Romsdal er organisert i to alderspsykiatriske seksjonar (APS). Den eine lokalisert ved Hjelset (Molde), og
den andre ved sjukehuset i Ålesund. Kvar seksjon består av poliklinikk og døgnpost. Alderspsykiatri Sunnmøre med 8 døgnplassar er samlokalisert med øvrig sjukehuspsykiatri.
Det pågår eit spanande arbeid i fagfeltet for å utvikle ein framtidsretta alderspsykiatri. APS Sunnmøre er tverrfagleg
samansett av legespesialistar, lege i spesialisering, psykolog/psykologspesialist, ergoterapeut, sjukepleiarar, vernepleiarar og merkantile ressursar.
Ved døgnpost og poliklinikk utgreier og behandlar ein pasientar i målgruppa:
Pasientar med alvorleg psykisk sjukdom med debut etter fylte 65 år.
Pasientar med demens og med alvorlege nevropsykiatriske symptom (NPS), der alder er av mindre relevans.
Pasientar med alvorleg psykisk sjukdom frå før fylte 65 år, der somatisk sjukdom eller andre aldersrelaterte årsakar gjer
alderspsykiatri tenleg.
Det er godt samarbeid mellom poliklinikk og døgnpost ved seksjonen, samarbeidande instansar i spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til CV.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og gjennomføring av målretta pleie og miljøterapeutiske tiltak
- Pasientansvarleg kontakt
- Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa
- Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutiner og prosedyrer
- Følgje seksjonen sine kompetansehevingstiltak
Kvalifikasjonar
- Off. godkjend sjukepleiar
- Vidareutdanning i psykisk helsearbeid eller geriatri for 100 % fast stilling
- Ønskjeleg med relevant erfaring
Personlege eigenskapar
- Personlege eigenskapar og fagleg engasjement vert vektlagt
- Vilje og evne til å arbeide i tverrfaglege team
- Inneha gode kommunikasjons -- og samarbeidsevner
- Initiativ og evne til å arbeide sjølvstendig
- Gode datakunnskapar
- Ein må mestre norsk skriftleg og munnleg
- Fleksibel og løysingsorientert
- Medverke til eit godt psykososialt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Arbeid i eit fagområde som er i ei spanende utvikling
- Godt arbeidsmiljø
- Dyktige og engasjerte kollegaer med erfaring innan psykiatri, geriatri og alderspsykiatri
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivbedrift (IA-bedrift)
Kontaktinformasjon
Vivian Akerø Svenslid, Seksjonsleiar, 92462397
Arbeidsstad
Ålesund sykehus
6017 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4193181077
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 02.03.2020
Søknadsfrist: 01.03.2020
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape <>. Vår visjon er å vere ''På lag med deg for helsa di''. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. <> er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal