Helsefagarbeidar ved Stranda omsorgssenter, avdeling heimetenesta
Org. nr: - Stillingsident: 4107882049 Presentasjon av stillingen:
75 % stilling som helsefagarbeidar ved Stranda omsorgssenter, avdeling heimetenesta. Arbeidstid etter ei kvar tid gjeldande turnus. Stillinga er ledig frå 07.10.19.
Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Arbeidsoppgåver
- Målgruppe er alle som bur eller midlertidig oppheld seg i kommunen, og på grunn av akutt eller kronisk sjukdom eller funksjonshemming, har behov for bistand i heimen.
- Heimesjukepleien skal yte nødvendig helsehjelp, og har som mål at pasienten skal vere mest mogleg sjølvhjulpen. Dette oppnår ein ved at pasienten vert stimulert til å gjere dei oppgåvene han/ho har moglegheit til å klare sjølv. Heimesjukepleien si oppgåve er å legge til rette for dette, og å hjelpe til med det pasienten ikkje kan greie sjølv.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar.
- Må ha gode norskkunnskaper både muntleg og skriftleg.
- Personlege eigenskapar vert vektlagd.
- Må ha førarkort for bil.
Personlege eigenskapar
- Evne til å jobbe sjølvstendig.
- Evne til å samarbeide med andre.
- Fagfokusert.
- Positiv og imøtekomande.
Vi tilbyr
- Godt fagleg miljø.
- Godt arbeidsmiljø med flinke og engasjerte kollegaer.
Kontaktinformasjon
Hannah Velle, Fagleiar, 464 11 156
Arbeidsstad
Nymarkvegen 58
6200 Stranda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Stranda kommune
Referansenr.:4107882049
Stillingsprosent: 75%
Startdato: 07.10.2019
Søknadsfrist: 11.08.2019
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca.4.600 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter. Les meir