Helgestilling Haugen bufelleskap
Er du ein person som ser muligheter, har godt humør og ønskjer ein meiningsfull jobb med menneske med funksjonshemming?
Haugen bufellesskap er eit bufellesskap for menneske med funksjonshemming. Me er døgnbemanna og har tilsette har ulik fagbakgrunn.
Me yte praktisk bistand, har fokus på å ivareta ADL ferdigheiter og tenestemottakar sine grunnleggande behov, i tillegg til å legge til rette for sosial deltaking og aktivitet.
Som medarbeider hos oss vil du bidra til at bebuarane får ei meningsfull og innhaldsrik kvardag i tråd med lovverk, fagleg kjente metodar og etiske retningsliner. Du vil bistå dei som bur her i daglege praktiske og sosiale gjeremål.
No søkjer me etter ein ny kollega til fastling som miljøarbeidar på helgnga inneber arbeid i to-delt turnus med arbeid kvar 3. helg.
For fleire karrieremoglegheiter, sjå www.tysnes.kommune.no/ledigestillingar
Arbeidsoppgåver
- Yte heilskapleg pleie og fagleg omsorgstilbod til brukerane.
- Yte brukerane den bistand dei treng for å gjennomføre daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar.
- Målretta miljøarbeid i bustad, på dagsenter og med fritidsaktiviteter.
- Legemiddelhåndtering.
- Delta på fagmøter og andre kompetanseaukande tiltak.
- Medansvarleg til å skape eit godt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som helsefagarbeider.
- Dersom me ikkje lukkast å rekruttera person med rett kompetanse kan assistent verte vurdert for stillinga.
- Gode kommunikasjonsevner, både skrifteleg og munnleg.
- Erfaring og interesse frå arbeid med brukargruppa er eit føremon.
- Den som vert tilsett må leggja fram politiattest, jfr lov om helsepersonell §20a.
- Grunnleggjande datakunnskap.
- Førarkort for bil klasse B er eit føremon.
Personlege eigenskapar
- Engasjert og deltakande i personalgruppa.
- Positiv, og evner å motivera og engasjera.
- Du ønskjer å bidra til eit positivt og godt arbeidsmiljø.
- Gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheter.
- Er fleksibel og evnar å jobbe målretta og strukturert.
- Personlege eigenskapar som sjølvstende, løysingsorientert, stå på vilje, ansvarleg og lojal vert vektlagt.
Me tilbyr
- Stillingsstorleik: 13,6 %
- Eit tverrfagleg miljø i bufellesskapet, med engasjerte kollegaer.
- Eit utfordrande, godt og meiningsfylt arbeidsmiljø.
- Løn etter kompetanse.
- God pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
- Ein arbeidsplass som har eit inkluderande arbeidsliv.
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Irene Røssland Matre, Avdelingsleiar, 975 89 023, Irene.Rossland.matre@tysnes.kommune.noBirthe Tveit, Einingsleiar open omsorg, 918 22 616
Arbeidsstad
Haugen Bufellesskap5685 Uggdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Tysnes kommuneReferansenr.:4520620240
Stillingsprosent: 13%
Fast
Søknadsfrist: 29.05.2022
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.