50% fast sjukepleiarstilling/annan relevant høgskuleutdanning på natt - Teiglandshagen bufelleskap
Teiglandshagen bufellesskap har frå 14. desember ledig 50% fast sjukepleiarstilling/annan relevant høgskuleutdanning på natt . Teiglandshagen bufellesskap er ein institusjon med 16 plassar for pasientar med ein demensdiagnose. Institusjonen er ein avdeling under Bømlo bu og helsesenter lokalisert til Moster. På natt driv ein integrerte tenester med nattpatruljen, Bømlo heimeteneste. Arbeidsoppgåvene vil difor vere svært varierande. Det er to nattevakter som arbeider i team, og har base på institusjonen.
Kvalifikasjonar:
Bachelor i sjukepleie / anna relevant høgskuleutdanning
Me søkjer deg som:
- Er fleksibel
- Tek utfordringar og kan arbeide sjølvstendig.
- Har evne til nytenking, omstilling og gode samarbeidsevner
- Er med å bidrar til eit godt samarbeid og arbeidsmiljø.
Me kan tilby ein triveleg og trygg arbeidsplass der høgt fagleg fokus, miljøretta tiltak og kompetanse står høgt blant dei tilsette.
Generelt:
- Stillinga inneber arbeid minimum kvar 4. helg.
- Søkjar må ha førarkort.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk
- Tiltreding 14.12.20 eller etter avtale
Kontaktperson: verksemdsleiar Berit Nesse - 53 42 34 02 / 991 57 554