Lege i spesialisering
Stillingsannonsen er inaktiv.Poliklinikk psykisk helse DPS Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Kløvertunvegen 1, 6103 Volda
Org. nr: - Stillingsident: 4389790725 Presentasjon av stillingen:
Vi har ledig 100 % mellombels stilling for lege i spesialisering (LIS) i eitt år ved Poliklinikk psykisk helse DPS Volda. Oppstart 01.09.2021 eller etter nærmare avtale.
Poliklinikk psykisk helse DPS poliklinikk Volda er ein av tre seksjonar ved DPS Volda og har Søre Sunnmøre som opptaksområde.
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskulemiljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn.
Vi ber om at attestar og ev. annan relevant dokumentasjon vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling
- Arbeid i team, men mykje sjølvstendig arbeid
Kvalifikasjonar
- Må ha norsk autorisasjon
- Erfaring frå psykisk helsevern er ein fordel
- Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- God arbeidskapasitet
- Evne til samarbeid og bidra i team
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar med psykiatritillegg
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Hallgrim Myklebust, Seksjonsleiar, 70 05 85 60, Hallgrim.Myklebust@helse-mr.no
Arbeidsstad
Kløvertunvegen 1
6103 Volda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4389790725
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 31.05.2021
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Poliklinikk psykisk helse DPS Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Adresse
Kløvertunvegen 1, 6103 Volda
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 31. mai 2021
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4389790725_Poliklinikk psykisk helse DPS Volda, Helse Møre og Romsdal HF_webcruiter
Stillingsnummer: e5a6c1b5-1b0b-475f-b0e3-acb5148f377d