Sjukepleiar - Kirurgisk sengepost 2 - Ålesund sjukehus - Helse Møre og Romsdal HF
**Klinikk for kirurgi - Kirurgisk sengepost 2 - Ålesund sjukehus
Vi har ledig 80% fast stilling fra 6.5.2019**
.
Vi søkjer etter sjukepleiar med stor interesse og iver for vårt spennande fagfelt som er i stadig utvikling. Du vil oppleve variert arbeid med til tider høgt arbeidstempo.
Arbeid i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Ved interne omrokkeringar kan andre stillingar bli ledige.
Sengeposten har 23 senger og det vert gitt behandling og pleie innanfor fagområda generell, gastro og bryst-/endokrinkirurgi. Godt arbeidsmiljø med dyktige og erfarne medarbeidarar.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg oppfølging/ behandling av pasientar innan gastro- og bryst-/endokrinkirurgi, samt pre- og postoperativ sjukepleie
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
- Erfaring frå sjukehus er ønskjelig.
- Søkjarar med kjennskap til avdelinga eller fagområda vert prioritert
- God kunnskap i norsk for skriftleg og munnleg kommunikasjon
Utdanningsretning
- Sykepleie
Utdanningsnivå
- Høyskole / Universitet
Personlege Eigenskapar
- Strukturert
- Ansvarsbevisst
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Like varierte utfordringar
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Gode samarbeidseigenskapar
Vi tilbyr
-
Opplæring av nytilsette
-
Godt arbeidsmiljø med dyktige og erfarne medarbeidarar
-
Løn etter gjeldande overeinskomst
-
Medlemskap i pensjonsordning, 2 % pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
-
Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift
Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV
-
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25).Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Kontaktinformasjon
Maren Pedersen, Seksjonsleiar, (+47) 70 10 57 62, maren.pedersen@helse-mr.no
Arbeidsstad
Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Møre og Romsdal HF
Ref. nr.:2019/1277
Stillingsbrøk: 80%
Fast
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 04.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4030368108&company_id=1699657008&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape <>. Vår visjon er å vere 'På lag med deg for helsa di'. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt ni behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. <> er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.